Internasjonal quilt
For nokre år sidan var familien klar til å reise til Italia, då mor kjem på at ho ikkje har noko å henge fingrane i på turen. Sånt går jo ikkje – det ville blitt en dårlig tur 😉 . Eg ila opp på hobbyrommet og begynte å rote rundt i restekassa mi etter smårester som eg kutta i passelige små bitar, og skar opp massevis av små sekskantar i papp.
Trur dette må være snart 5 år sidan Italiaturen. Sidan har pappbitane og stoffrestar med nokonlunde høvelig farge fulgt meg på ferieturar. Om ikkje eg tek heilt feil har eg hatt det med meg til Italia – Frankrike x 2 – Sverige x 2 og selvfølgelig i Norge. I tillegg er dei fleste sekskantane i midten av blomstrane klipt av eit stoff eg kjøpte i Danmark.
Omsider er duken ferdig, for det vart ein duk til slutt. Det var slett ingen selvfølge då eg starta. Det kunne likså godt ha blitt ein liten løpar, eller eit par spisebrikker.
Her er alt sydd for hand. Eg var litt usikker på korleis eg skulle sy saman dei ulike laga. Til slutt kom eg fram til at det var best å legge topp, vatt og bakstykke på kvarandre i rett rekkefølge og brette inn kantane medan eg sydde inn sømrommet for hand. Eg vurderte å vrangsy det, men då trur eg ikkje alle hjørna hadde blitt like fine.
Til slutt vart alle «blomstrane», dvs dei mest rosa sekskantane quilta for hand.
Det gjer seg med litt ekstra fristelsar på toppen 🙂
Litt av ein jobb!! Nydelig resultat også 🙂
Så herlig dette var 🙂
Så veldig tidskrevende ut.. men flott resultat.
Herlige golfvesker under her også 🙂
Ha en kreativ uke
Visst er det tidkrevande, men dette er jo sånt som ein puslar med der ein ikkje har tilgang til symaskina – på stranda/hotellrom/sofakroken osv..
Ja dette er en stor jobb, jeg vet for jeg har et lignende prosjekt på gang. Eller det vil si, det er lenge siden jeg sist sydde noe på det. Mine biter blir sydd i japansk bretteteknikk – alt sammen for hånd.
Duken ble kjempeflott!
Takk for tipset med hvordan du sydde sammen:)
wow, langtidig arbeide, med mange minner innsydd 🙂
Fint ble det nå definitivt! 😀
Du…den der sjokoladen der…er det kanskje en av mine favorittbiter oppi der?
Du får komme og sjekke 😉
Ein flott duk Elin 🙂
Artig at du har sydd den litt her og litt der, masse minner.
Imponerande arbeid 🙂
Ha ein fin søndag.