Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Deilige meisesokkar

I det siste har eg strikka ullsokkar på pinne 2,5. Det har tatt litt lenger tid enn det brukar å gjere når eg strikkar ullsokkar, men det var vel verdt arbeidet!

Garnet heiter Wollmeise, og kjem frå denne butikken i Tyskland.Det er ikkje enkelt å få tak på garnet, og det er i grunn ganske så dyrt. Nettbutikken blir oppdatert fredag morgon og dei fleste laurdag ettermiddagar, og då gjeld det å sitje klar med pc’en og vente, for det er gjerne utsolgt på fem minutt.

Grunnen til at eg likevel gidd å jakte på garnet er at det er utruleg deilig å strikke med. Det kjennast ut som bommull, men det er ull. Garnet er naturfarga og det har klare og flotte fargar.  Eg held på å lage meg eit lite garnlager, slik at eg har litt ulikt å velge i til massevis av prosjekt som står i kø her. Flette og holmønster kjem like klart og fint fram som om ein skulle strikka med bommullsgarn. Eg har funne oppskrifter på massevis av lekre sokkar strikka i dette garnet. For dei som er på Ravelry finst der masse lekkert om ein søkjer på Wollmeise .

Dette biletet skulle liksom vise at sokkane er strikka med forsterka hel, men det visest visst ikkje så godt.

Mønsteret på sokkane heiter Wenche og er henta frå heftet Mauds hjerte som Ellinor Kvammen (Ronille) gav ut i fjor.

Eller skin sola her fortsatt, og det er nyyydelig vinterveir! Ha ein fortsatt fin søndag!

Reklame

februar 21, 2010 Posted by | Strikking | 4 kommentarar