Hobbyaktivitetar i Praha
Denne veka har eg og far i huset vore på tur til Praha i lag med eit par vi kjenner. Praha viste seg på sitt beste for oss desse dagane. Vi kunne gå rundt i t-skjorte heile dagane, nesten eit lite temperatursjokk for oss etter denne vinteren.
Biletet over viser slottet i Praha, eit av dei mange imponerande byggverk i byen. Sidan dette er ein hobby- og hageblogg, skal eg styre unna noko lang reiseberetning. Sjå bloggen til Lena, ho har masse flotte bilder av turen.
Eg passa sjølvsagt på å nytte tida godt medan eg var på tur. Her er vi på veg til Kutna Hora med minibuss. Turen tok ca 1 time og 20 min, så då var det godt å ha med noko å henge fingrane i. Med eit strikketøy i rettstrikk kan eg strikke, sjå på naturen og prate samstundes – eit skikkelig «Kindereggprosjekt» med andre ord.
Gensaren skal bli ein speidergenser til guttungen, og den må være ferdig til slutten av april, for då startar leirsesongen. Gensaren var nesten ferdig før Prahaturen, men den viste seg å bli litt i minste laget. Difor rekte eg opp heile og starta på nytt med samme maskeantall, men ein pinnestørrelse større. No ser det ut til at størrelsen blir heilt perfekt.
Reisefølget mitt hadde sjølvsagt også med seg eit prosjekt. Øl, strikking og skravling går veldig fint saman det også 😉 Her er det sokkar som er på pinnane, og selvfølgelig strikkast det også her i eit «skravlevennlig» mønster.
Myntvesker
Dagens prosjekt frå Lille Rosin sin kalender er desse to myntpungane.Telyset indikerer størrelsen.
Rettleiinga fann eg i Timotei sin blogg. Ho har lagt ut ei steg for steg rettleiing, som er så enkel at alle kan klare det.
God helg til alle som stikk innom!
Baktusskjerf med fluff
Så var det tid for det første marsprosjektet i Lille rosin sin kalender for februar. Der var fleire spennande saker å velge mellom, så det kjem nok fleire postar om temaet snart.
Dette skjerfet er laga av eit garn som heiter Cash Sock frå Gepard. Eit Italiensk garn som består av 6% Kasmir, 69% ull og 25% akryl. I følge produsenten skal det være eit sterkt strømpegarn. Garnet er kjøpt hjå ein av dei lokale forhandlarane her.
Mønsteret er henta frå Hedvig sin blogg. Eigentleg skulle det være ferdig når eg hadde strikka det rosa, men eg syntest det vart skrekkelig kjedelig, så eg strikka ein fluffy kant rundt. Kanten er strikka i Funny frå Sandnes garn som er eit garn av 100% akryl
Cash Sock er eit mjukt og deilig garn, som i følge produsenten skal være eit sterkt sokkegarn.
Hekla korg, februaroppgåve
Eg er visst litt sløv med blogginga for tida. Lille rosin sin kalenderoppgåve for februar inneheldt blandt anna ei hekla korg. Det er fryktelig lenge sidan sist eg hekla, så dette var morsomt 🙂
Eg brukte to nøster Bomull sport frå Gjesdal. Korga bestod stort sett av fastmasker som vart hekla rundt og rund til korga vart ferdig. Eg hekla til det var tomt for garn – enkelt og greit.
Til slutt sydde eg fast blonden og eit paljettband rundt heile korga.