Gubben og gamla låg og drog, men fekk ikkje opp rota
før gubben kom på at han hadde ei sag…..
Den flotte Skogskjegghekken min treng nemlig å trimmast litt. Då eg planta den der, hadde eg gravd opp nokre plantar som stod delvis under eit tak, i ei tørr skråning bak huset. Dei var berre halvmeteren høge, så eg tenkte dei kunne passe perfekt attmed vegen. Tenkte det kunne være greit med ein hekk som visna ned om vinteren, slik at det ikkje vart problemer med snømåkinga her. Det som skjedde då eg planta dei her, var at når dei fekk skikkelige forhold, så vart dei kjempedigre, og då kom dei plutselig litt nært vegen.
No grev eg opp den halvparten av rota som vender mot vegen, og set ned ødelagte skiferheller i håp om at dei kan hindre planten å breie seg mot vegen igjen.
Rotsystemet til Skogskjeggen er vanvittig. Eg klarte ikkje å dele rota når eg hoppa på spaden. Gubben kom etter kvart fram til at ei sag var einaste dugande verktyet. På øverste biletet held han på med saga. Første sagbladet braut, og det andre vart så slitt at det var så vidt han fekk saga gjennom alle røtene
I trillebåra er det eg har klart å få opp så langt. Desverre er eg berre halvvegs, så eg har enno nokre tøffe tak igjen før jobben er gjordt.
God hagehelg!
Viktoriansk nakkevarmer
Eg falt for denne Viktorianske halsen (link for den som er på Ravelry).
Garnet eg har brukt på denne er Wollmeise Merino Superwash. Fargen heiter Campari Orange, og er rett og slett berre lekker!
I det siste har eg trent meg litt å å strikke bakover. Ein kan kansje lure på kva som er vitsen med det – må vel være strikking for spesielt intresserte…. Halsen er strika ovanfrå og ned, men den siste kanten på ca 4-5 cm er strikka på tvers. Då kom det godt med å kunne strikke bakover, for då slapp eg å sitje å strikke 9 masker for så å heile arbeidet for å strikke maskene på vranga sånn ca 288 gonger.
På nærbiletet her ser ein den nederste kanten betre. Den ser nesten ut som ein blondekant. Eg streva lenge før eg fann ut korleis eg skulle strikke den. Eg trudde eg las mønsteret rett, så det skulle mykje prøving og feiling fann eg ut at eg gjorde feil. Når eg først skjønte det, så vart alt veldig logisk 🙂
Då er det berre å krysse fingrane for at det ikkje blir behov for denne halsen før til hausten.
Rundpinneetui
Ei av marsoppgåvene i Lille Rosin sin hobbykalender på Hobbyboden var å lage rundpinneetui. Mine er omsider ferdige, men no er vi halvvegs inn i april, så det var kanskje på tide. Dette prosjektet finn du i Marita sin blogg.
Det er lenge sidan eg starta på prosjektet, men eg kom liksom på kant med det heilt i starten, og vi vart liksom aldri heilt venner igjen. Til slutt fann eg ut at det var berre å ta seg sjølv i nakken å gjere dei ferdige. Etuia vart vel heilt ok, men det er slett ikkje sikkert at eg gidd å lage fleire. Det var faktisk eg som foreslo denne oppgåva, for eg har tenkt på å lage slike lenge. Kvifor eg ikkje vart heilt ven med prosjektet forstår eg ikkje – dei var ikkje akkurat så vanskelige å lage.
Fuchsiastoffet har eg hatt liggjande lenge, fordi eg ikkje har visst heilt kva eg skal nytte det til. Det er ofte vanskelig å finne fornuftige bruksområde på slike stoff med store,klare motiv. På biletet under ser du nærbilete av dei flotte fuchsiablomstrane.
Trau av hypertufa
I helga stilte eg tunet mitt til rådevelde for hagelaget sitt kurs i støyping av hypertufa. Viss du vil lese meir om sjølve kurset kan du ta en kikk i Hagelagsbloggen vår.
Mellom kaffiservering og tilrettelegging, fekk eg lurt meg til å støype eit trau. No har eg pussa utsida av trauet med stålbørste og planta litt vårblomster i. Det var trivelig med litt vårblomster og farge på trappa no etter den lange, kalde vinteren.
Vårteikn
Er der sikrare vårteikn enn at insekta inntek verden igjen? I komposten er der massevis av flugelarvar, både kvite og raude. Og når eg renska jordbæråkeren var der massevis av små åkersneglar. Ja, det var vel ikkje akkurat dette eg hadde tenkt å skrive om i dag, men det var ikkje til å unngå at eg støtte på dei i løpet av årets første hagedag.
Ein annan kar(eller dame) eg støtte på i hagen i dag var marihøna (namnet tyder på at det er ei dame 😉 ).
Ellers så er det litt av kvart som dukkar opp under lauvet, og nokre sprirar tek rett og slett snarvegen gjennom lauvet.
Blåveisen er plassert nordvendt, så den er kanskje litt treg.
Krokus
Julerose
Kubjelle
Når alle desse først er i gang, er det nok ikkje lenge før dei fyller beda. Veirmeldinga tyder på at det skal bli ei fantastisk hagehelg. Eg kjem nok fort tilbake med nye, frodige blomsterbilete. Den nye linsa er jo heilt fantastisk! Sjå berre på duggdråpane på biletet over – dei er faktisk flotte å sjå på.
Speidergenser
Eit av dei sikraste vårtegna er at speidarane skal på leir. Det er nok ikkje alltid like varmt rundt bålet om kveldane, så då kan det være deilig å pakke seg inn i ein god ullgensar.
Guttungen har vokse ut av den gamle, så no var det på sin plass med ein ny. Etter tips frå ei av dei andre speidarmødrene, så vart det altså ein ordentlig speidargensar.
På framsida er det berre eit lite merke på venstre sida av brystkassa. Eg har tenkt at her skal det også komme ein liten navnelapp.
Gensaren har fått den passforma guttungen ynskte. Passelig lange armar, litt vid og litt lang, slik at den ikkje sig opp når ein sit på huk.
På baksida er motivet større, og namnet på troppa han er i er brodert under.
Nærbilete av dei to motiva. Dei er sydd på med maskesting. Fargane er kanskje ikkje heilt optimale, men det var det eg hadde i restekassa. Eg er litt tilhengar av å få nytta restane mine også, og då må fargevalget av og til bli litt så som så.
Guttungen er strålande fornøygd, og ikkje så lite kry også. Han skulle hatt eit par matchande sokkar med langt skaft til å ha i støvlane sine, men det får bli eit seinare prosjekt.