Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Speidergenser

Eit av dei sikraste vårtegna er at speidarane skal på leir. Det er nok ikkje alltid like varmt rundt bålet om kveldane, så då kan det være deilig å pakke seg inn i ein god ullgensar.

Guttungen har vokse ut av den gamle, så no var det på sin plass med ein ny. Etter tips frå ei av dei andre speidarmødrene, så vart det altså ein ordentlig speidargensar.

På framsida er det berre eit lite merke på venstre sida av brystkassa. Eg har tenkt at her skal det også komme ein liten navnelapp.

Gensaren har fått den passforma guttungen ynskte. Passelig lange armar, litt vid og litt lang, slik at den ikkje sig opp når ein sit på huk.

På baksida er motivet større, og namnet på troppa han er i er brodert under.

Nærbilete av dei to motiva. Dei er sydd på med maskesting. Fargane er kanskje ikkje heilt optimale, men det var det eg hadde i restekassa. Eg er litt tilhengar av å få nytta restane mine også, og då må fargevalget av og til bli litt så som så.

Guttungen er strålande fornøygd,  og ikkje så lite kry også. Han skulle hatt eit par matchande sokkar med langt skaft til å ha i støvlane sine, men det får bli eit seinare prosjekt.

Advertisements

april 7, 2010 - Posted by | Lappeteknikk

8 kommentarar »

  1. Kjempe fin genser, med nydelig dekor 😀

    Kommentar av Hanne | april 7, 2010 | Svar

  2. Å se her ja,det var en flott genser.Tenker det blir en stolt speider på leir med denne.

    Kommentar av Wenche | april 7, 2010 | Svar

  3. den blei fin. flott at den blei ferdig til helga.

    Kommentar av Linda | april 7, 2010 | Svar

    • Heisann, du! Takk for inspirasjonen! Kanskje eg skulle hatt bilete av begge gensarane 😉

      Kommentar av eling | april 7, 2010 | Svar

      • Får håpe det kjem nokre actionbilder på heimesida deira etter helga. viss ikkje skal eg nok få tatt bilde en vakker dag, og sendt dei til deg 😉

        Kommentar av Linda | april 8, 2010

  4. Kjempeflott speidargensar 🙂 Heilt klart godt med en go ullgensar når ein sitt rundt bålet en kald kveld 🙂

    Kommentar av Mariann S | april 7, 2010 | Svar

  5. Skikkeleg flott gensar!

    Kommentar av hilde | april 8, 2010 | Svar

  6. Så flott speidergenser!!

    Kommentar av Beatemora | april 9, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: