Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Vårteikn

Er der sikrare vårteikn enn at insekta inntek verden igjen? I komposten er der massevis av flugelarvar, både kvite og raude.  Og når eg renska jordbæråkeren var der massevis av små åkersneglar. Ja, det var vel ikkje akkurat dette eg hadde tenkt å skrive om i dag, men det var ikkje til å unngå at eg støtte på dei i løpet av årets første hagedag.

Ein annan kar(eller dame) eg støtte på i hagen i dag var marihøna (namnet tyder på at det er ei dame 😉 ).

Ellers så er det litt av kvart som dukkar opp under lauvet, og nokre sprirar tek rett og slett snarvegen gjennom lauvet.

Blåveisen er plassert nordvendt, så den er kanskje litt treg.

Krokus

Julerose

Kubjelle

Når alle desse først er i gang, er det nok ikkje lenge før dei fyller beda. Veirmeldinga tyder på at det skal bli ei fantastisk hagehelg. Eg kjem nok fort tilbake med nye, frodige blomsterbilete. Den nye linsa er jo heilt fantastisk! Sjå berre på duggdråpane på biletet over – dei er faktisk flotte å sjå på.

Reklame

april 8, 2010 - Posted by | Diverse, Hage

5 kommentarar »

  1. Så flotte bilder! Herleg med vår!

    Kommentar av hilde | april 8, 2010 | Svar

  2. […] Vårteikn Er der sikrare vårteikn enn at insekta inntek verden igjen? I komposten er der massevis av flugelarvar, både kvite og raude.  Og når eg renska jordbæråkeren var der massevis av små åkersneglar. Ja, det var vel ikkje akkurat dette eg hadde tenkt å skrive om i dag, men det var ikkje til å unngå at eg støtte på dei i løpet av årets første hagedag. […]

    Tilbakeping av Vårteikn « Eling’s hage og hobbyblogg | april 8, 2010 | Svar

  3. Flotte bilder, det er ei flott tid vi er inne i no!

    Kommentar av hajal | april 9, 2010 | Svar

  4. Hei på du. Vilken linse er det du har kjøpt?
    Jeg er på jakt etter linse selv.

    Kommentar av Roy | april 11, 2010 | Svar

    • Det er ei Tamron AF70-300mm linse. Modell A17E. Eg har ikkje mykje greie på slikt,fekk den i julegåve, men har forstått det slik at dette er ei billig og god linse. Er i allefall veldig bra til mitt bruk.

      Kommentar av eling | april 11, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: