Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Viktoriansk nakkevarmer

Eg falt for denne  Viktorianske halsen (link for den som er på Ravelry).

Garnet eg har brukt på denne er Wollmeise Merino Superwash. Fargen heiter Campari Orange, og er rett og slett berre lekker!

I det siste har eg trent meg litt å å strikke bakover. Ein kan kansje lure på kva som er vitsen med det – må vel være strikking for spesielt intresserte…. Halsen er strika ovanfrå og ned, men den siste kanten på ca 4-5 cm er strikka på tvers. Då kom det godt med å kunne strikke bakover, for då slapp eg å sitje å strikke 9 masker for så å  heile arbeidet  for å strikke maskene på vranga sånn ca 288 gonger.

På nærbiletet her ser ein den nederste kanten betre. Den ser nesten ut som ein blondekant. Eg streva lenge før eg fann ut korleis eg skulle strikke den. Eg trudde eg las mønsteret rett, så det skulle mykje prøving og feiling fann eg ut at eg gjorde feil. Når eg først skjønte det, så vart alt veldig logisk 🙂

Då er det berre å krysse fingrane for at det ikkje blir behov for denne halsen før til hausten.

Reklame

april 27, 2010 - Posted by | Handarbeid, Strikking, Wollmeise

2 kommentarar »

  1. Så flott denne halsen var! Nydeleg farge. Wollmeise har eg ikkje prøvd. Har du handla på nettet?

    Kommentar av Strikkemor(o) | april 27, 2010 | Svar

    • Kjøpte på nettet, ja. Adressa er: http://wollmeise-yarnshop.de/
      Oppdatering fredag i 8-tida og laurdag i 16-tida. Det er utsolgt på få minutt, så du må være klar 😉

      Kommentar av eling | april 27, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: