Varm speiderdrakt
Speidarguten har omsider fått heile strikkadrakta si ferdig. Eg trur han var redd den ikkje skulle bli ferdig til NM.
Genseren er strikka av Falk frå Dalegarn, medan buksa er strikka av Juvel frå Idena (Schachenmayr). Grunnen til at eg har nytta ulikt garn er så enkel som at det var tomt for Falk då eg skulle til på buksa. Vi tok sjangsen på Juvel i staden, og ved første augekast ser ein ikkje at buksa og genseren er strikka av ulikt garn. Juvel ser litt grovare ut når, og var litt mindre behagelig å strikke av enn Falk, men alt i alt var der ikkje store forskjellen på dei. Fargemessig var det jo full klaff 🙂
Til og med matchande ullsokkar har han.
Buksa er litt stor, fordi han ynskjer å kunne ha noko under på kalde dagar. I livet er det strikk, slik at den skal holde godt, sjølv om den er litt stor. Desverre hadde eg ikkje svart strikk, så strikken skiljer seg litt for mykje ut. Det skal fixast på så snart eg får kloa i svart strikk.
Selvfølgelig skal der være merker på gensaren. Alle merker som er til overs skal få plass her. Foreløpig er det berre to, men han satsar på at det etter kvart skal bli mange. Når han har fått 5 merker på speiderskjorta skal dei erstattast med ei snor. Då skal også desse merka på gensaren.
11.mai 2010….
…..og 17.mai nærmar seg med stormskritt….
Håpar det kjem litt meir varmegrader i løpet av veka.
På’an igjen
Sidan eg synest strikking er kjekt, har eg lova å strikke bukse som matchar speidargensaren eg laga for litt sidan. Det er ikkje like kjekt når eg må strikke samme ting to gonger.
Eg starta på «brokja» med friskt mot, og guttungen prøvde fleire gonger, og eg tenkte det skulle bli ganske så passelig, og litt å vokse i. Når eg starta på føtene, strikka eg vidare utan å måle før begge føtene rakk omlag ned til knea. Då var det prøving, og det viser seg då at buksa vert alt for stor 😦
På biletet har eg rekt opp eine foten, og det vesle arbeidet er den nye buksa eg har starta på.
Jada, det er berre å brette opp armane og gyve laus!
Firkantvesker
Lappeklipp si firkantveske var ei av april oppgåvene i kalenderen til Lille Rosin. Eit artig mønster som berre måtte prøvast. Eg laga to vesker når eg først var i siget.
Rutene eg brukte er 5×5 inch og er skorne ut av restane av nokre gamle dongeribukser som eg samla til eit prosjekt tidlegare. Kvar veske fekk to ruter med mønster på, slik at det skulle bli litt meir liv.
Eg hadde berre knapp til eine veska, så på denne fekk ein avdanka øyredobb gjere nytta. Det er eit gullfarga snøre som fungerer som lukkemekanisme.
To baklommer i kvar veske til innerlommer. Ein liten karabinkrok til å feste ting og tang i på innsida av veska vart festa til lommene.
Audå…når eg ser biletet no, så ser eg at symaskina har dratt ned og floka quiltetråden, dette burde vel ikkje visast offentleg ?? *rødme*