Varm speiderdrakt
Speidarguten har omsider fått heile strikkadrakta si ferdig. Eg trur han var redd den ikkje skulle bli ferdig til NM.
Genseren er strikka av Falk frå Dalegarn, medan buksa er strikka av Juvel frå Idena (Schachenmayr). Grunnen til at eg har nytta ulikt garn er så enkel som at det var tomt for Falk då eg skulle til på buksa. Vi tok sjangsen på Juvel i staden, og ved første augekast ser ein ikkje at buksa og genseren er strikka av ulikt garn. Juvel ser litt grovare ut når, og var litt mindre behagelig å strikke av enn Falk, men alt i alt var der ikkje store forskjellen på dei. Fargemessig var det jo full klaff 🙂
Til og med matchande ullsokkar har han.
Buksa er litt stor, fordi han ynskjer å kunne ha noko under på kalde dagar. I livet er det strikk, slik at den skal holde godt, sjølv om den er litt stor. Desverre hadde eg ikkje svart strikk, så strikken skiljer seg litt for mykje ut. Det skal fixast på så snart eg får kloa i svart strikk.
Selvfølgelig skal der være merker på gensaren. Alle merker som er til overs skal få plass her. Foreløpig er det berre to, men han satsar på at det etter kvart skal bli mange. Når han har fått 5 merker på speiderskjorta skal dei erstattast med ei snor. Då skal også desse merka på gensaren.
Åj så stilig!
Godt jobba!
Heldige gutten din 🙂
flotte kler! De blir nok gode for en speidergutt. håper jentene her vil gå i speideren, det ser så kjekkt ut, og de lærer så mye 🙂
Den var kjempefin!
Jeg har også en datter som skal til NM:)
[…] Varm speiderdrakt Speidarguten har omsider fått heile strikkadrakta si ferdig. Eg trur han var redd den ikkje skulle bli ferdig til NM. […]
Tilbakeping av Varm speiderdrakt « Eling’s hage og hobbyblogg | mai 24, 2010 |
Så flott genser og bukse du har strikkt til speidern ;o)
Regner med han var storfornøyd med den.. Skikkelig fin!:)
Ønsker deg en herlig og kreativ uke!:)