Olive
I det siste har det vore Olive av Helga Isager som har vore på pinnane. Eigentleg skal armane vere trekvart lange, men sidan eg er optimistisk av meg satsar eg på at eg treng ein sommarleg variant i tida framover 😉
Denne var faktisk veldig kjekk å strikke. Den egnar seg veldig godt til ferjestrikk, tvstrikk eller når ein skal prøve å være sosial samtidig som ein strikkar. Stort sett rette masker, så arbeidet går fort framover i tillegg.
Eg starta nederst på halsringinga og strikka oppover. Deretter tok eg opp masker nederst på halsringinga og strikka nedover, så eigentleg er gensaren litt bakvendt å strikke i forhold framgangsmåten ein vanlegvis nyttar.
På bildet under ser du fargane betre. Den er strikka i Wollmeise Lavendel og Campari orange. Ein skikkelig frisk fargekombinasjon. Eg synest nesten at humøret steig med ein gong eg fekk plagget på meg, om det var dei friske fargane eller berre det faktum at eg endelig er ferdig med eit plagg til meg sjølv veit eg faktisk ikkje.
Ungane har vore så snille å hjelpe meg å nøste opp eit par nøster til, så no skal eg sette meg og legge opp til ein ny Olive. Den skal dottera få. Ho har bestilt ein litt lenger modell, slik at den kan brukast som tunika.
Juni i hagen
Lewesiaen min er i ferd med å springe ut for fullt. Dette er ein takknemlig plante å ha. Den blomstrar voldsomt heile sommaren. Den sprer seg, men det er lett å dra opp småplantane, så det er ikkje noko problem
Eg har fått meg eit plantebord. Deilig å kunne stå oppreist å jobbe, hagearbeid er ikkje akkurat det beste for ryggen, så det gjeld å passe på.
Blomsterkassene mine har fått nellikar og krypfredløs i år. Dei kvite nellikane er hengande, fylte og luktar heilt fantastisk! Dei skal få henge på rekkverket på altanen, men akkurat no er der ikkje noko rekkverk å henge dei på, så då kan dei få gjere nytte her i staden.
Denne oppstamma gullregnen kjøpte eg i fjor. Den blir nok ikkje så stor og staselig som vanlige gullregn kan bli, men eg trur nok at den vert flott når den får nokre år på seg. I og med at kruna er nokså vid, la snøen seg godt oppå kruna og bøygde tredet. Det er kanskje ikkje verdens flottaste arrangement eg har laga for å få den til å rette seg opp igjen, men det er mindlertidig, så då får det duge.
Naturen er flinkare enn meg til å lage støtter. Stilig!!