Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Juni i hagen

Lewesiaen min er i ferd med å springe ut for fullt. Dette er ein takknemlig plante å ha. Den blomstrar voldsomt heile sommaren. Den sprer seg, men det er lett å dra opp småplantane, så det er ikkje noko problem

Eg har fått meg eit plantebord. Deilig å kunne stå oppreist å jobbe, hagearbeid er ikkje akkurat det beste for ryggen, så det gjeld å passe på.

Blomsterkassene mine har fått nellikar og krypfredløs i år. Dei kvite nellikane er hengande, fylte og luktar heilt fantastisk! Dei skal få henge på rekkverket på altanen, men akkurat no er der ikkje noko rekkverk å henge dei på, så då kan dei få gjere nytte her i staden.

Denne oppstamma gullregnen kjøpte eg i fjor.  Den blir nok ikkje så stor og staselig som vanlige gullregn kan bli, men eg trur nok at den vert flott når den får nokre år på seg. I og med at kruna er nokså vid, la snøen seg godt oppå kruna og bøygde tredet. Det er kanskje ikkje verdens flottaste arrangement eg har laga for å få den til å rette seg opp igjen, men det er mindlertidig, så då får det duge.

Naturen er flinkare enn meg til å lage støtter. Stilig!!

Reklame

juni 5, 2010 Posted by | Hage | 2 kommentarar