Olive igjen
Oliven som eg strikka i Wollmeise til meg sjølv for litt sidan, var så utruleg deilig å ha på seg, at eg måtte lage ein til. Denne gongen er det dottera som er den heldige. Botnfargen gav seg sjølv, for det var den fargen eg hadde nok av, men kontrastfargen har ho sjølv valgt. Ikkje lett å finne nok av dei rette fargane når garnet er så tungvindt å få tak i som dette, men desse to var flotte i lag 🙂
Eigaren er på ferie, så det blir desverre berre kleshengarbilete denne gongen.
Eg veit ikkje om andre garntypar som har så flotte fargar, så eg er stadig på jakt etter meir garn. I tillegg til dei flotte fargane, så er garnet deilig å strikke med, og plagget er kjempegodt å ha på seg.
Kven skulle tru at eit ullplagg skulle bli min store favoritt denne sommaren? Varmer når det er kjølig ute, og kjøler når det er varmt. På våre kantar har sommaren vore så pass fuktig, at det nesten har vore eit must å ha klede som tåler å bli våte.
Jau den vart jo like flott som den forrige! Må berre passe meg så eg ikkje fattar interesse for Wollmeise eg òg. Kva de styrar med for tida? Ferie? Heime?
Ja, det er berre å passe seg, for denne basillen er lett å bli bitt av 😉
Startar ferien om åtte timar, så fram til no har det vore mykje jobbing (for så vidt heilt greitt, for det har no ikkje vore noko ferieveir enno…)
Kjempelekker Olive. Nydelige og spreke farger 🙂
Kjempe fin. No har eg bestilt mønster eg og. Men kor mykje går det av hovudfargen i wollmeise?
Eg har brukt ca 2 hesper av hovudfargen, men om du vil ha lenger armar som i orginalmønsteret, må du kanskje starte på nøste nr 3 også.
Nydeleg!! Eg har enno ikkje prøvd wollmeise, men har utruleg lyst. Men….eg har eit garnlager som må reduserast ein smule før eg kan handle meir garn… 😦
Kjempefin, slik den forrige også var! Er ferdig med ferien 😦 Sidan her ikkje var oppdaterte blomsterbilete, må eg visst ta meg ein tur..
Nydelig Oliver!
Alt man får lyst til å strikke når man ser det flotte andre strikker. Takk for titten!