Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Olive igjen

Oliven som eg strikka i Wollmeise til meg sjølv for litt sidan, var så utruleg deilig å ha på seg, at eg måtte lage ein til. Denne gongen er det dottera som er den heldige. Botnfargen gav seg sjølv, for det var den fargen eg hadde nok av, men kontrastfargen har ho sjølv valgt. Ikkje lett å finne nok av dei rette fargane når garnet er så tungvindt å få tak i som dette, men desse to var flotte i lag 🙂

Eigaren er på ferie, så det blir desverre berre kleshengarbilete denne gongen.

Eg veit ikkje om andre garntypar som har så flotte fargar, så eg er stadig på jakt etter meir garn. I tillegg til dei flotte fargane, så er garnet deilig å strikke med, og plagget er kjempegodt å ha på seg.

Kven skulle tru at eit ullplagg skulle bli min store favoritt denne sommaren? Varmer når det er kjølig ute, og kjøler når det er varmt. På våre kantar har sommaren vore så pass fuktig, at det nesten har vore eit must å ha klede som tåler å bli våte.

juli 21, 2010 - Posted by | Strikking, Wollmeise

8 kommentarar »

  1. Jau den vart jo like flott som den forrige! Må berre passe meg så eg ikkje fattar interesse for Wollmeise eg òg. Kva de styrar med for tida? Ferie? Heime?

    Kommentar av Lena | juli 21, 2010 | Svar

    • Ja, det er berre å passe seg, for denne basillen er lett å bli bitt av 😉
      Startar ferien om åtte timar, så fram til no har det vore mykje jobbing (for så vidt heilt greitt, for det har no ikkje vore noko ferieveir enno…)

      Kommentar av eling | juli 21, 2010 | Svar

  2. Kjempelekker Olive. Nydelige og spreke farger 🙂

    Kommentar av trinemamma | juli 21, 2010 | Svar

  3. Kjempe fin. No har eg bestilt mønster eg og. Men kor mykje går det av hovudfargen i wollmeise?

    Kommentar av Linda | juli 22, 2010 | Svar

    • Eg har brukt ca 2 hesper av hovudfargen, men om du vil ha lenger armar som i orginalmønsteret, må du kanskje starte på nøste nr 3 også.

      Kommentar av eling | juli 22, 2010 | Svar

  4. Nydeleg!! Eg har enno ikkje prøvd wollmeise, men har utruleg lyst. Men….eg har eit garnlager som må reduserast ein smule før eg kan handle meir garn… 😦

    Kommentar av Torunn | juli 22, 2010 | Svar

  5. Kjempefin, slik den forrige også var! Er ferdig med ferien 😦 Sidan her ikkje var oppdaterte blomsterbilete, må eg visst ta meg ein tur..

    Kommentar av Heidi S | juli 24, 2010 | Svar

  6. Nydelig Oliver!

    Alt man får lyst til å strikke når man ser det flotte andre strikker. Takk for titten!

    Kommentar av judith | juli 25, 2010 | Svar


Legg att svar til Lena Avbryt svar