Meir eller mindre praktiske dongeritøflar
….tja, nei…praktiske er dei nok ikkje, men litt artige er dei vel…
Tøflane er ei av augustoppgåvene i Lille Rosin sin månadskalender på hobbyboden. Ideen er henta frå denne bloggen, som dessutan inneheld ein del andre artige saker.
Det er ei av mine avlagte dongeribukser og eit gammalt smykke som har fått nytt liv.
Det skulle eigentleg være papp i solen, men eg hadde noko tjukt ullstoff liggjande, så det vart to lag av det i staden. Det resulterte i at tøflane vart skrekkelig varme å ha på føtene. Det var kanskje meininga, men det får no være måte på…. Litt små vart dei og, så eg veit no ikkje om desse vert nokon favoritt på tøffelfronten i år.
Ventar spent på septemberoppgåvene eg….
Lilla tunika i Sandnes garn
I fjor haust falt eg heilt for ein tunica eg såg bilete av i Familien, men det vart ikkje til at eg starta på den før ferien tok til.
Gensaren var designa av Gerd Auestad og strikka i Sandnes mini duett. Garnet er 55% bomull og 45% ull, så denne blir lun og god utover hausten. Tunikaen er strikka på pinnar nr 2,5.
Eg bytta ut fargane, så i staden for brun, vart det lilla kjole. Kvikke, fine fargar, som er til å bli i godt humør av 🙂
Dei lilla skoa kom eg over på salg i Tyskland, og tenkte at desse var eg berre nødt til å ha til kjolen min. Det manglar visst matchande leggvarmarar, ser eg…..
På pinnane er eit par hanskar som strikkast i Wollmeise, men dei kjem eg heilt sikkert tilbake til ein annan gong 😉
Rundfellinga gav kjolen ei fin passform.
Sjølv om kjolen var enkel å strikke har det tatt tid. Når halve kjolen var ferdig, fann eg ut at den var alt for stor – og då var det berre å rekke opp. Det har visst begynt å bli ein vane å rekke opp og strikke alt nesten to gonger før eg er fornøygd.
Suppesøtt i pastell
I går hekla eg desse søte hettene til sylteglaslok. Det var ei av oppgåvene i Lille Rosin sin månadskalender for juli. Kjempeenkle å hekle, og skikkelig søte å sjå på. Garnet er henta frå restekorga, og det bandet rundt var vekke, så eg veit ikkje kva garn eg har hekla dei i.
Oppskrifta er henta frå Frøken Elsas virkblogg.
Clematis Hagley hybrid blomstrar i hagen akkurat no. Den er ny av året, og akkurat no er det den einaste klematisen som blomstrar.
Litt småsnacs frå hagen 🙂