Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Lilla tunika i Sandnes garn

I fjor haust falt eg heilt for ein tunica eg såg bilete av i Familien, men det vart ikkje til at eg starta på den før ferien tok til.

Gensaren var designa av Gerd Auestad og strikka i Sandnes mini duett. Garnet er 55% bomull og 45% ull, så denne blir lun og god utover hausten. Tunikaen er strikka på pinnar nr 2,5.

Eg bytta ut fargane, så i staden for brun, vart det lilla kjole. Kvikke, fine fargar, som er til å bli i godt humør av 🙂

Dei lilla skoa kom eg over på salg i Tyskland, og tenkte at desse var eg berre nødt til å ha til kjolen min. Det manglar visst matchande leggvarmarar, ser eg…..

På pinnane er eit par hanskar som strikkast i Wollmeise, men dei kjem eg heilt sikkert tilbake til ein annan gong 😉

Rundfellinga gav kjolen ei fin passform.

Sjølv om kjolen var enkel å strikke har det tatt tid. Når halve kjolen var ferdig, fann eg ut at den var alt for stor – og då var det berre å rekke opp. Det har visst begynt å bli ein vane å rekke opp og strikke alt nesten to gonger før eg er fornøygd.

Reklame

august 30, 2010 - Posted by | Handarbeid, Strikking

7 kommentarar »

  1. Kjempefin tunika i flotte farger:-)
    Klart du må ha matchende leggvarmere! Og lue og pulsere og sjal….hehehehe, digger matching jeg nemlig;-)

    Men altså, kjolen synes jeg er fin helt for seg selv også altså!!!:-D

    Kommentar av sipusa | august 31, 2010 | Svar

  2. Kjempefin kjole, likte veldig godt fargene.

    Kommentar av Inger Anne | august 31, 2010 | Svar

  3. Nydelig tunika, kjempefine farger.
    Liker ikke så godt å strikke av bomullsgarn, men har hørt at miniduett er et kjempebra garn.
    Min kjære sier alltid når jeg rekker opp at da varer garnet så mye lenger.
    Ønsker deg en fin tirsdag :o)

    Kommentar av Mio | august 31, 2010 | Svar

    • Rett før eg begynte på tunicaen strikka eg i Wollmeise. Når eg begynte å strikke med Mini duett, syntest eg det «herkja» litt som vi seier her. Eg var litt misfornøygd i starten, men ein venner seg til kanskje til garnet og finn rette strikketeknikken, for no tykkjer eg det er heilt ok å strikke med.

      Kommentar av eling | august 31, 2010 | Svar

  4. Dritfin!!!!

    Kommentar av Lena | august 31, 2010 | Svar

  5. En smule lekkert det der:)

    Kommentar av Roy | august 31, 2010 | Svar

  6. Den var nydelig! Flott presentasjon i bilder av tunikaen også :o)

    Kommentar av Marita | august 31, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: