Eg bur kanskje ikkje i verdas navle….
…men kva gjer vel det når ein bur i verdas vakraste fylke??
Eg kom over nokre bilete som var tekne tidlegare i haust, men som eg trudde eg hadde mista.
Lukka var stor når eg fann dei att, og eg fekk så innmari lyst å vise dåkke nokre av dei!
Turen gjekk til Hornindalsrokken, eller Hånndalsrokkjen som ein seier heromkring. Horningdalsrokken ligg i Hornindal kommune, og ragar 1529 moh.
Biletet er tatt nesten på toppen. Eg anar ikkje kor mange meter det er ned til vatnet under her, men ein skal passe seg vel for å ramle utfor denne kanten.
Utsikt mot Sunnmøre.
Utsikt retning Hornindal.
Gjett om ho kosar seg!!
Tilbakeblikk. Her er det virkelig bratt, men eg klarar desverre ikkje ta bilete slik at ein ser korleis det verkeleg er.
No står snart vinteren for døra, så det blir neppe fleire slike turar i år, men ein kan vel allereie no glede seg til neste sesong 🙂
Kjempeflotte bilder, Elin.Og sprek jente… 🙂
Litt usikker på om ho vi gjekk i lag med tykte vi var så spreke….
Nydelige bilder Elin 🙂
En kjempeflott tur i et av Norges vakreste områder. Jeg var på denne toppen for en del år tilbake sammen med gode kollegaer på Sunnmøre. Fikk en slags hjemlengsel av å se disse vakre bildene.
Var du verkeleg heilt på toppen? Går det an? Eg meiner, utan å bli invalid i knea? Fantastiske bilder!
Eg var virkelig på toppen, ja – og makan til deilig følelse når ein er på toppen og ser utover, og nedover!! 🙂
Det gjekk greit med knea, ein blir jo litt van med nedoverbakkar når ein er frå dette distriktet 😉