Lapper i tusenfold…
13.-15. august var George Ciciliano på Nordfjordeid og hadde kurs med Nordfjord lappe-og quilteklubb. Ta ein kikk i NLQ sin blogg, så finn du fleire bilete frå kurset.
Bileta over er av Ciciliano sine arbeid. Dei er samansett av tusenvis av små bitar sydd saman på papir. Han designar quiltane sine ved hjelp av eit dataprogram.
Vi måtte designe våre quiltar på «gamlemåten». Vi fekk utdelt papirmalar som vi leika oss med og sette saman til det som seinare skal bli den ferdige quilten.
Eg tok ein kopi av bitane eg hadde sett saman og farga dei. Hovudet mitt er ikkje i stand til å hugse kva farge som skal være kor, så det må ned på papiret viss det skal bli noko fornuftig ut av det.
Slik ser papirmalen vi syr på ut. Vi legg stoffet på baksida og syr etter strekane.
Så skal småbitane til blokkene skjærast ut. Bitane til kvar blokk skjærast ut før ein byrjar å sy sjølve blokka. Her har eg skore opp bitar til 4 blokker.
Åtte blokker er ferdige, men der er enno mange lappar som skal syast saman før dette liknar på noko fornuftig. Det tek jammen tid å lage desse blokkene, så dette er ikkje noko ein «sveivar» saman på ei helg. Eg har mange blokker igjen å sy, så det tek nok si tid før eg kjem tilbake med det ferdige resultatet.
Det ser jammen innvikla ut….
Smått dette også, og så flotte kombinasjonar med blokkene! Dette blir supert. Gler meg til å sjå det ferdige resultatet. God helg!
Hjelpe og bevare for noen farastise bilder dere har sydd! Det må ha vært litt av et kurs!
Hilsen Nina
[…] i haust skreiv eg om at eg var på kurs med George Ciciliano […]
Tilbakeping av 1012 bittesmå bitar « Eling’s hage og hobbyblogg | november 15, 2010 |