Moro med nålefiltemaskin
Lappeklubben er så heldige å være eigarar av ei nålefiltemaskin. Maskina er ei gåve frå Siv, ei av damene på butikken En rød tråd. Som materialforvaltar i klubben er det eg som er så heldig å få ha maskina i hus når den ikkje er til utlån hjå medlemmene våre.
No har eg leika meg litt med maskina, og resultatet var dette skjørtet
Skjørtet er sydd av samme ullstoff som kåpa eg sydde tidlegare. Eg er alltid redd for å få for lite stoff når eg bestiller, og det gjer at det ofte er nok til å sy eit plagg til…eller to….
Foret i skjørtet er ein del av restane etter ein mammakjole eg sydde for snart 12 år sidan…..
Kåre sjekkar at ullen er av ypperste kvalitet.
Nålefiltemaskina fungerer ved at fem nåler med mothakar går gjennom stoff og filtemateriale mange gonger og på denne måten filtar saman materiala. Eg la ein ulltråd med glitter i på stoffet, og trykte på pedalen, slik at nålene gjekk ned og opp nokre gonger, berre slik at tråden vart lett festa til underlaget. På denne måten filta eg fast ulltråden i det mønsteret eg ynskte. Når heile tråden var lett festa, og eg var fornøygd med mønsteret, filta eg over heile tråden på nytt, slik at materiala til slutt heng saman som eit materiale.
Eg prøvde først å nåle fast heile tråden før eg byrja å filte, men den forflytta seg gjerne litt undervegs, så eg fann ut at det var greiast å legge tråden på plass etter kvart som eg filta.
Denne teknikken var virkelig artig, og det er nesten ikkje grenser for kva ein kan filte på. Eg prøvde å filte trådrestar på dongeristoff, og dette gjekk heilt fint. Kanskje eit tips til korleis ein kan fiffe opp den kjedelige dongeribuksa si 🙂
Mine søte små
Mine søte små sydde eg på eit kurs som eg var på i vår.
Bildet er sydd ved at eg har lagt ein kopi av eit bilde på baksida av stoffet og sydd med stoppefoten på maskina. Her kunne eg sikkert hatt meir detaljar, men sidan det var første gong eg prøvde meg på sånt, turte eg ikkje rote på for mykje. Legg merke til tøydukka som heng opp-ned på hårstrikken til jentungen…synest den er litt søt, eg 🙂
1012 bittesmå bitar
Tidlegare i haust skreiv eg om at eg var på kurs med George Ciciliano .
Omsider har eg gjordt ferdig prosjektet eg starta på på kurset, og det inneheld ikkje mindre enn 1012 små bitar. Bildet er 53×53 cm stort.
Dette har virkelig vore eit tålmodigheitsprosjekt. Enten dåkke trur det eller ikkje, så er det ikkje særleg vanskelig. Det er rett og slett log cabin sydd på papir. Her er eit innlegg om kuttinga og syinga av blokkene også.
Det blir neppe fleire slike tepper. Artig å lage eit, men dette blir for kjedelig for meg i lengda, for når ein først har bestemt seg for korleis mønsteret og fargane skal være, er det lite utfordringar knytt til dette arbeidet.
Give away hjå Strikkeglede og smykkefryd
Innimellom tek eg meg ei bloggrunde. Då hoppar eg gjerne frå blogg til blogg ved å klikke på linkar eg finn i dei ulike bloggane eg er innom. På den måten kjem ein stadig innom nye, spennande bloggar. På dagens bloggrunde kom eg over bloggen til Strikkeglede og smykkefryd. Denne koselige bloggen har eg dumpa innom før, og jammen kan det hende at det lønnar seg å komme tilbake, for der er det giveaway på gang 🙂
Ho rundar 40000 besøkjande, og det er i den forbindelse ho arrangerer giweavay for å feire. Eg har tatt tre «lodd», og viss du stikk innom, kan du også ta «lodd» og være med på trekninga om den flotte premien 🙂
På tide med nye vinterklede
No har utvilsomt vinteren kome vestlandet. Ute ligg der eit tynt lag snø, og det er meldt kaldt veir i dagane framover. Då er det godt å vete at eg endelig har fått ferdig vinterkåpa mi.
Det er lenge sidan eg har sydd klede til meg sjølv, så mykje har gått i gløymeboka. Det vart litt prøving og feiling, men desto meir glad blir eg når eg får det til.
Kåpa er sydd etter mønster frå Ottobre nr 5/2010. Stoffet er bestilt frå Fabric.com.
Bak er kåpa heilt enkel. Opprinnelig skulle der være ein stolpe med to knappar i ryggen, men eg tykte det vart for mykje dill, så den droppa eg.
Eg streva litt med å få den fin langs kanten nede, så då måtte eg tilkalle kyndig hjelp for å hjelpe meg å få den pent lagt opp. Jammen greit å ha «syvenner» som kan stille opp på kort varsel 🙂
Kragen er stor, det er visst sånn det skal være i år. Eg vurderte om eg skulle lage den mindre, men kom fram til at det kanskje var litt stilig med stor krage.
Lommene er sydd inn i saumane, og er plassert litt fram på jakka. Litt uvant at dei ikkje er sydd inn i sidesaumane, men i grunn ein stilig detalj dette også.
Det som skulle by på dei største problema var faktisk å skaffe rett sort vlieselin. Den eine sorten (F220) var det ingen forhandlarar eg har snakka med som kjendte til. Det endte med at eg brukte det eg hadde i skapet frå før. Når kåpa er ferdig, ser eg at eg skulle hatt meir støtte i kragen, så eg antar at den vlieselinen eg ikkje fekk tak i skulle være ein ekstra stødig variant.
Dette gav meirsmak, så det blir nok meir sying av klede framover 🙂