På tide med nye vinterklede
No har utvilsomt vinteren kome vestlandet. Ute ligg der eit tynt lag snø, og det er meldt kaldt veir i dagane framover. Då er det godt å vete at eg endelig har fått ferdig vinterkåpa mi.
Det er lenge sidan eg har sydd klede til meg sjølv, så mykje har gått i gløymeboka. Det vart litt prøving og feiling, men desto meir glad blir eg når eg får det til.
Kåpa er sydd etter mønster frå Ottobre nr 5/2010. Stoffet er bestilt frå Fabric.com.
Bak er kåpa heilt enkel. Opprinnelig skulle der være ein stolpe med to knappar i ryggen, men eg tykte det vart for mykje dill, så den droppa eg.
Eg streva litt med å få den fin langs kanten nede, så då måtte eg tilkalle kyndig hjelp for å hjelpe meg å få den pent lagt opp. Jammen greit å ha «syvenner» som kan stille opp på kort varsel 🙂
Kragen er stor, det er visst sånn det skal være i år. Eg vurderte om eg skulle lage den mindre, men kom fram til at det kanskje var litt stilig med stor krage.
Lommene er sydd inn i saumane, og er plassert litt fram på jakka. Litt uvant at dei ikkje er sydd inn i sidesaumane, men i grunn ein stilig detalj dette også.
Det som skulle by på dei største problema var faktisk å skaffe rett sort vlieselin. Den eine sorten (F220) var det ingen forhandlarar eg har snakka med som kjendte til. Det endte med at eg brukte det eg hadde i skapet frå før. Når kåpa er ferdig, ser eg at eg skulle hatt meir støtte i kragen, så eg antar at den vlieselinen eg ikkje fekk tak i skulle være ein ekstra stødig variant.
Dette gav meirsmak, så det blir nok meir sying av klede framover 🙂
Lekker kåpe, den sitter som designet til deg.
Ikkje enkelt å sy ytterplagg, med for og det heile. Før i tida sydde eg masse, bl a ei sid kåpe med store slag og caps til. Hadde aldri gitt meg i kast med sånt no, nei. Gratulerer med vel utført arbeid.
Kjempefin kåpe! Du er jammen flink!!
Så flink du er, den ble jo veldig fin. Friskt skjerf du hadde i halsen også. 😀
den kåpa vart jammen fin. og kragen vart jettesnygg..
svensken min er kanskje ikkje super, men forhåpentlig betyr det superkul..
Herlighet så fin den var! Du burde virkelig sy mer, denne ser jo eksklusiv ut 😉 Kos deg med ditt nye varme plagg.
Imponert! Rett og slett imponert!
Hei Elin, Sitter på Lanzarote og må bare gi overveldende ros for ditt handarbeid.
Tusen takk for masse skryt!
Kåpa har vore mykje brukt i vinter, og har virkelig gjordt nytte i år, så kaldt som det har vore!
Kåpa er langt frå perfekt, men det viser ikkje på bileta. Satsar på at eg klarar å luke vekk desse feila på neste jakke 🙂