Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Julekalender – som eg likar det

visyr.no har dei julekalender som er av den typen eg likar. Kvar dag er det ulike oppgåver, eller muligheiter til å vinne premie, og det er selvfølgelig relatert til sying. Nokre av oppgåvene har eg gjordt, medan andre hoppar eg over.

1. desember, telyspose.

På desse posane har eg printa motiv på eit overføringspapir. Motivet er stroke fast på stoffet ved hjelp av strykehjern. Så har posane fått litt stæsh som kroklisser og blonder i gull.

2. desember, nisseluer.

Nisseluene er sydd i ullfleece. Pynten langs kanten er kroklisser og pompongar. Dusken i enden har eg eg laga på gamlemåten, som vi lærte det på barneskulen.

3. desember, pepperkakemotiv

Denne oppgåva var eigentleg tiltenkt broderimaskiner. Sidan eg ikkje  har broderimaskin, måtte eg finne på noko anna.  Her er skrifta speglvendt og printa ut på overføringspapir.  Pepperkakemannen er applikert på og «glasuren» er sydd på ved hjelp av stoppefoten.

På toppen er det glidelås, slik at posane egnar seg svært godt til å oppbevare pepperkakeformene.  Dei er store nok til å romme dei største formene som ein gjerne nyttar til pynt i vindauget også.

Reklame

desember 17, 2010 Posted by | Lappeteknikk | 3 kommentarar

Mitt første overlockplagg

Eg har bestemt meg for å kjøpe ei overlockmaskin. Det store problemet er å bestemme seg for kva ein skal kjøpe. det er første gong eg har  sydd på ei slik maskin, så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter når eg skal handle. Difor driv eg no og skal sjå på og  prøve litt ulike maskiner.

Tidlegare i veka fekk eg låne ei Babylock Evolve, og det har no resultert i flaggermusgenser i viskose jersey frå Stoff og stil.

Maskina var utruleg god å sy på, kjempelett å tre, og den stiller trådspenninga sjølv. Det siste er sikkert ikkje dumt, i og med at der gjerne er fire ulike trådar i kvar søm.

Eg kjem ikkje til å kjøpe denne maskina, den er for stor og dyr – derimot finst der ei maskin som er hakket mindre som fristar godt…..ja, ja, først skal eg sjekke ut litt betre kva som finst på marknaden

 

desember 8, 2010 Posted by | Diverse, Klede, Søm | 4 kommentarar

Hjertelue

Her er novemberbidraget mitt til Lille Rosin sin kalender 2010.

Mønsteret heiter Hjertelig hilsen vintersett . Eg har gjordt  nokre små endringar på hua, for at den skal passe betre til garnet eg har brukt.

Garnet heiter MITU alpakka ull og er frå Rauma Ullvarefabrikk. Garnet er deilig å strikke med, og skal strikkast med pinne 3,5-4. Eg har brukt p4 her. Det blir ei tjukk og god lue, og den er utruleg mjuk og god.

desember 1, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 2 kommentarar