Fargerik flaggermustopp
Ein ny variant av flaggermusgensaren såg dagens lys for litt sidan. Vi vart invitert i bursdagsselskap til ei tenåringsjente, og kva i alle dagar finn ein på til gåve då?? Etter ei kjapp rekognoseringsrunde på hobbyrommet, fann eg eit stoff som ville passe perfekt til ein flaggermusgensar. Stoffet kjem frå Stofstedet.dk, ein dansk nettbutikk med fantastisk utval i metervarer.
Mønsteret var trykt litt sånn tilfeldig, og i ulike retningar, så det var ikkje heilt enkelt å bestemme seg for kva som skulle være opp og ned på plagget.
Med armane ut, ser ein den artige flaggermusaktige forma. Før delane er sydd saman, ser det nesten ut som om dei er klipt rett, men så dradd i diagonal retning, slik at delane er skeive. Når plagget er sydd, blir effekten at det ser ut som om plagget er kledd litt tilfeldig på. Eg trur dette var ein effekt som tiltalte ungdommane – det skal være litt pent, men skal likevel sjå tilfeldig ut.
Mønseteret er frå Stoff og stil
Nye trekk til sofaen
På loftet har vi hatt ståande ein gammal sofa som vi har arva. Den har gjordt god nytte, men den var liksom ikkje heilt min stil. Lenge har eg hatt lyst å kaste den, men ein kastar vel ikkje gode ting, gjer ein vel?… Eg har også prøvd å gje den vekk til folk eg synest har hatt behov for den…..men trass iherdige forsøk har er sofaen min enno…
I skapa mine har eg hatt liggjande noko linstoff som opprinneleg var tenkt til å sy liftgardiner av. Dei gardinene vart det aldri noko av, så stoffet har i grunn berre blitt liggjande som skapfyll. Så ein kveld fekk eg ein lys ide – stoffet ville være perfekt som sofatrekk. Og frå ide til prosjekt er ikkje vegen lang. Eg kasta meg over arbeidet med stor iver, og i løpet av ein kveld og påfølgande dag, hadde sofaen på loftet fått nytt liv i den nyinnreia kjellarstova 🙂
Trekket er heilt enkelt sydd. Der er eit trekk til sjølve sofaen, og så er der eit trekk til kvart av armlena. Det er enkelt å ta av trekket, og det toler godt vasking i maskin.
I bakgrunnen har omsider Polkadot-girls teppet mitt endeleg fått ein verdig plass. Teppet er så stort at eg faktisk ikkje har hatt veggplass til det, så det har blitt liggjande i eit skap sidan det var ferdig.
Det var litt for lite stoff til å lage heile trekket i det grå linstoffet. Heldigvis fekk eg ein stripete gardinrest av ei veninde, og det passa heilt suverent til armlena. Utsida av armlena er av linstoffet, medan innsida og toppen er av det stripete stoffet.
Heile trekket er sydd med overlocmaskin, så sjølve syinga gjekk radigt.