Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Nye trekk til sofaen

På loftet har vi hatt ståande ein gammal sofa som vi har arva. Den har gjordt god nytte, men den var liksom ikkje heilt min stil. Lenge har eg  hatt lyst å kaste den, men ein kastar vel ikkje gode ting, gjer ein vel?… Eg har også prøvd å gje den vekk til folk eg synest har hatt behov for den…..men trass iherdige forsøk har  er sofaen min enno…

I skapa mine har eg hatt liggjande noko linstoff som opprinneleg var tenkt til å sy liftgardiner av. Dei gardinene vart det aldri noko av, så stoffet har i grunn berre blitt liggjande som skapfyll.  Så ein kveld fekk eg ein lys ide – stoffet ville være perfekt som sofatrekk.  Og frå ide til prosjekt er ikkje vegen lang. Eg kasta meg over arbeidet med stor iver, og i løpet av ein kveld  og påfølgande dag, hadde sofaen på loftet fått nytt liv i den nyinnreia kjellarstova  🙂

Trekket er heilt enkelt sydd. Der er eit trekk til sjølve sofaen, og så er der eit trekk til kvart av armlena. Det er enkelt å ta av trekket, og det toler godt vasking i maskin.

I bakgrunnen har omsider Polkadot-girls teppet mitt endeleg fått ein verdig plass. Teppet er så stort at eg faktisk ikkje har hatt veggplass til det, så det har blitt liggjande i eit skap sidan det var ferdig.

Det var litt for lite stoff til å lage heile trekket i det grå linstoffet.  Heldigvis fekk eg ein stripete gardinrest av ei veninde, og det passa heilt suverent til armlena. Utsida av armlena er av linstoffet, medan innsida og toppen er av det stripete stoffet.

Heile trekket er sydd med overlocmaskin, så sjølve syinga gjekk radigt.

Advertisements

mars 8, 2011 Posted by | Interiør, Polka Dot Girls, Søm | 4 kommentarar