Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Ullboxer frå ullgenser

Det er mykje moro ein kan lage med gamle saker og ei symaskin eller to. Her har eg ei Devoll ullskjorte som ungane har vokse frå. Den var så pent brukt at det var for gale å kvitte seg med den. Tanken er at det skal bli ein overnattingsboxer til ein som driv og søv ute i friluft innimellom.

 Stikken i livet er frå ein gammal, kassert boxer.

Nederst har eg sydd på oppbrettkantane som avslutning, men det vart for lite elastisk, så det må av igjen.

mai 19, 2011 Posted by | Gjenbruk, Klede, Lappeteknikk, Søm | 6 kommentarar

Vårjakke

Eg har jammen meg gløymt å vise dåkke vårjakka mi…  Bilda er tatt ein gufsen og kald vårdag.

Den er sydd etter samme mønster som kåpa eg sydde i haust, men den er kortare. Eg har også laga kragen litt mindre.

Mønsteret er frå Ottobre 5/2010 og stoffet er frå Fabric.com

Jakka er fora med Thermo isolering frå Stoff og Stil.  Det er rygg og front som er fora med thermovlies. Eg kjenner godt forskjell på denne jakka og på kåpa eg sydde tidlegare. Den er ikkje ekstra fora, og det gjer at vinden trekkjer gjennom. Det er virkelig deilig med det ekstra isolerande laget.

Det fine med å lage to jakker etter samme mønster er at eg har fått meir orden på detaljar som ikkje vart så bra sist. Erfaringane mine med å sy klede er foreløpig litt spinkle, men eg lærer stadig nye ting.

mai 12, 2011 Posted by | Klede, Søm | 3 kommentarar