Ny blogg: Tante Melin
Eg har fått mange kommentarar på at det har vore dårleg med oppdatering på bloggen min. Det er jammen kjekt at ein vert sakna når ein er vekke ei stund. Det vart litt mykje å hengje fingrane i ei stund, så då måtte bloggen vike. No tenkjer eg at tida er inne for å starte på igjen, men då med ein rein handarbeidsblogg. Fokus er hovudsakleg saum. Litt strikking, og kanskje eitt og hitt om hekling og anna eg måtte finne blir det sikkert også. Kjekt om du stikk innom!
Du finn meg her: Tante Melin
Hei og gratulerer med ny blogg! Ser du syr mykje, og i dag såg eg ei lue du har sydd! Du er ein racer på kle ser eg! No lurer eg på kva merke overlockmaskin du har, modellnr og kor fornøgd er du?
Så artig at produkta mine er i bruk! Det har blitt ein del huer etter kvart 😀 .
Eg har ein Brother 4234D overlock. Er veldig fornøygd med den. Rimelig, brukarvennleg og god. Dei gongane det har vore noko kluss, så har det vore brukarfeil….