Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Frødykk i HagEgal’s omreisande frøboks

Hageforumet HagEgal www.hagegal.no har for seg mykje rart, for det meste gjeld det hage og plantar, men slett ikkje alltid. I går var det hage det handla om, då låg der ein spennande pakke i postkassa mi. Det var den etterlengta omreisande frøboksen som kom. Den har reist land og strand rundt med posten. Undervegs har alle som har hatt boksen bytta til seg det dei har funne intressant, og selvfølgelig putta nye frø nedi boksen før den vart vidaresendt. I går var det endelig min tur!

Det er ein av medlemmene på forumet som har lagt pakkar med frø i boksen, og sender den rundt til oss andre som har meldt oss på. Boksen vert sendt til alle som står på lista etter tur. Som ein av dei siste på lista, syntest eg ventetida var lang.  Eg rigga meg til med frøboks, kaffi, tente lys og google bildesøk på pc’en. Det var mykje meir spennande å åpne denne pakken enn dei vanlege frøpakkane eg har fått når eg har bestilt frø. Der var alt frå heilt enkle, vanlege tagetes til dei mest eksotiske plantar og tred. Eg begrensa meg og plukka ut berre nokre få sortar som eg trur eg kan få til: Purpur grønnkål, ridderspore «the pinks», clematis fusca eller crispa ( håpar på fusca, den såg jo berre rålekker ut på bileta) og clematis potaninii.

Nok ein gong opplever eg at det er umulig å laste opp bileta slik at dåkke andre kan få sjå. Eg forstår rett og slett ikkje kvifor ikkje bileta viser når eg lastar dei opp. Opplastinga har vore gjordt på akkurat same måte som tidlegare bilete eg har publisert. Viss nokon har ei god forklaring på kva som skjer, er eg svært glad for ei tilbakemelding!

Parkdirektor riggers

Som plaster på såret for manglande bilete frå frøbyttinga mi, legg eg inn dette av den flotte klatrerosa Parkdirektør riggers. Denne er ei av tre roser som mannen min grov opp ved grunnmuren av eit hus som skulle rivast. Vi visste ikkje kva roser det var, men gleda var stor då denne nydelige rose sprang ut i fjor!

mars 6, 2008 Posted by | Hage | Kommenter innlegget

Lappedugnad

Søndag var eg på lappedugnad med lappeklubben. Medlemmane har i løpet av det siste året sydd blokker til eit Dear Jane teppe. Klubben har valgt å lage kvar blokk litt større enn orginalen, og heller lage fleire tepper av blokkene. No har teppa begynt å ta form. Det er utruleg kjekt å sjå kor flotte teppa vert. Ikkje minst, så er det kjekt med slike dugnader, det er både kreativt og sosialt.

Ingunn si quiltemaskin Det største teppet vert spent opp i eit quiltestativ. Eg hadde aldri sett eit slikt stativ før, så det var kjekt å sjå korleis dette fungerer i praksis.

Teppet i qiltemaskina I løpet av nokre timar søndags formiddag vart eit stort teppe ferdig quilta.

Lite dear jane teppe ferdig Eit av de små teppa vart heilt ferdig.

Ellers har eg jobba litt med den runde veska frå den japanske boka. Det er allereie venteliste på å låne boka, så skal eg få prøvd meg på noko av det som er i den, er det berre å henge i.

Handsaum frå den japanske boka Foreløpig ser det slik ut. Fyrstikkeska viser kor smått det er. Kvar blome er sett saman av sju sekskantar. Eg har kjøpt ferdige sekskantar i papir og tråkla stoffet fast rundt dei. Bittesmå bitar, og jammen tek det si tid å sy dei saman! Det vert nok ingen storproduksjon av slike vesker for min del.

februar 12, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Toalettveske til dottera mi

For ei tid tilbake lova eg dottera mi at eg skulle sy toalettveske til henne når eg var ferdig med studiane. Eg valde å prøve meg på ei toalettveske i rufseteknikk etter eit mønster i Lise Bergene si bok Lappegaver. Rufseteknikk har eg aldri prøvd før, men det var ein enkel og morsom teknikk som eg kjem til å nytte meg meir av. Værre var det med mønsteret på toalettveska, eg forstod rett og slett ikkje korleis eg skulle sy saman bunnen, så eg måtte improvisere litt. Veska er sydd saman range mot range, slik at sømrommet kjem på framsida. I sømrommet er det klipt hakk med ca 1 cm mellomrom. Til slutt vart veska vaska i maskin, slik at sømrommet  flossa seg opp. Dottera mi var svært nøygd med resultatet, og har allereie teke ho i bruk.

Toalettveske med hjerterAndre sida av toalettveska har ei dongerilomme

Vidare har eg jobba med 9 graders linjalen som eg investerte i tidleg i haust. I Quiltemagasinet nr 1/2007 var det framgangsmåte for ein rund duk . Det var ein sånn «må ha» sak som eg «treng» til det runde kjøkkenbordet mitt. Eg har selvfølgelig klart å skjære nokre av kilane feil veg, så fargane vart ikkje akkurat så regelmessige som eg hadde planlagt. Det fine med lappeteknikk er gjerne at det er berre eg sjølv som ser feila eg har laga…..

Linjalane som nyttast til teknikkenAlle kilene lagt på golvet i rett rekkefølgeKilane på nært hold

Desverre er bileta litt uklåre, eg har litt problemer med å finne gode innstillingar på kameraet.

januar 2, 2008 Posted by | Lappeteknikk | Éin kommentar