Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Konkurranse på Kremmerhuset

Kremmerhuset et ein av mine favorittbutikkar. Ein tur innom er fast prosedyre når eg er i urbane strok.  Det er slett ikkje kvar gong eg handlar, har mykje glede av å berre sjå.

Kremmerhusetbloggen feirar 1 års jubileum med ein liten konkurranse. Den går ut på at vi skal lage ein kollage av  ynskjelista vår, og her får du mi:

 

Sakene på ønskelista mi er:

Kian hylle med skuff. Denne hadde passa perfekt på jenterommet. Fargen passar perfekt til tapeten hennar…….trur eg……

Lampa hadde passa fint på guterommet. Der er det behov for meir lys, og denne passar perfekt til innredninga der.

Handkrem i ulike variantar til mor sjølv. Har kjøpt det før, og den er berre super!

Det samme gjeld teen – for tida er favoritten Roboiste med rabarbra og vanilje – nyydelig!!

Skåler til servering av diverse salatar har vi alltid behov for.

Så skulle vi hatt nokre lekre koppar til å nyte kaffe frå nykverna kaffibønner……

 

Ta ein tur innom Kremmerhusbloggen og bli med du også!

Reklame

juli 1, 2012 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | Kommenter innlegget

Ny blogg: Tante Melin

Eg har fått mange kommentarar på at det har vore dårleg med oppdatering på bloggen min. Det er jammen kjekt at ein vert sakna når ein er vekke ei stund. Det vart litt mykje å hengje fingrane i ei stund, så då måtte bloggen vike. No tenkjer eg at tida er inne for å starte på igjen, men då med ein rein handarbeidsblogg. Fokus er hovudsakleg saum. Litt strikking, og kanskje eitt og hitt om hekling og anna eg måtte finne blir det sikkert også. Kjekt om du stikk innom!

Du finn meg her: Tante Melin

 

juni 24, 2012 Posted by | Diverse | 2 kommentarar

Hjerter i fleng

Ein smule treg med blogginga for tida…. Dette er altså prosjektet eg laga til Lille Rosin kalender sin kalender for februar. Det er ein søt liten pung, forma som eit hjerte.        

Mønsteret finn du her hjå The purl bee. Eit enkelt og kjekt lite prosjekt som blir ferdig i ein fei 🙂

Glidelåsen vart sydd i på ein litt spesiell måte, som eg ikkje har prøvd før. Om du klikkar på linken til mønsteret, så er der ein fin tutorial.

Hanken fekk ei rad søte, rosa hjerter brodert med maskin.

april 5, 2011 Posted by | Lille Rosin kalender 2011, Søm, vesker | Kommenter innlegget

Lille Rosin kalender 2011 er i gang

Som fleire sikkert har sett, så har eg hengt med på Lille Rosin sin kalender i 2010 på Hobbyboden. I år er ho i gang igjen, og eg gledar meg til alle dei spennande oppgåvene ho har til oss gjennom året. Denne gongen har ho også lagt oppgåvene i bloggen sin, slik at også dei som ikkje er på Hobbyboden kan delta.

I januar var der opptil fleire oppgåver eg kunne tenkje meg å gjere, men eg får sjå kva tida mi strekk til. I første omgang er det strikketøymappa/toalettveska eg har kasta meg over. Link til den finn du på denne nettbutikken.

Når eg først var i siget, vart det tre ulike toalettmapper/strikketøymapper.

 

Denne er litt anonym i forhold til dei to andre. Den er ei gåve til ei særdeles blomsterglad veninde.  Stoffet er påtrykt latinske blomsternavn, noko denne veninda er ekspert på å hugse.

januar 9, 2011 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin kalender 2011, Søm | Kommenter innlegget

Mitt første overlockplagg

Eg har bestemt meg for å kjøpe ei overlockmaskin. Det store problemet er å bestemme seg for kva ein skal kjøpe. det er første gong eg har  sydd på ei slik maskin, så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter når eg skal handle. Difor driv eg no og skal sjå på og  prøve litt ulike maskiner.

Tidlegare i veka fekk eg låne ei Babylock Evolve, og det har no resultert i flaggermusgenser i viskose jersey frå Stoff og stil.

Maskina var utruleg god å sy på, kjempelett å tre, og den stiller trådspenninga sjølv. Det siste er sikkert ikkje dumt, i og med at der gjerne er fire ulike trådar i kvar søm.

Eg kjem ikkje til å kjøpe denne maskina, den er for stor og dyr – derimot finst der ei maskin som er hakket mindre som fristar godt…..ja, ja, først skal eg sjekke ut litt betre kva som finst på marknaden

 

desember 8, 2010 Posted by | Diverse, Klede, Søm | 4 kommentarar

Hjertelue

Her er novemberbidraget mitt til Lille Rosin sin kalender 2010.

Mønsteret heiter Hjertelig hilsen vintersett . Eg har gjordt  nokre små endringar på hua, for at den skal passe betre til garnet eg har brukt.

Garnet heiter MITU alpakka ull og er frå Rauma Ullvarefabrikk. Garnet er deilig å strikke med, og skal strikkast med pinne 3,5-4. Eg har brukt p4 her. Det blir ei tjukk og god lue, og den er utruleg mjuk og god.

desember 1, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 2 kommentarar

Give away hjå Strikkeglede og smykkefryd

Innimellom tek eg meg ei bloggrunde. Då hoppar eg gjerne frå blogg til blogg ved å klikke på linkar eg finn i dei ulike bloggane eg er innom. På den måten kjem ein stadig innom nye, spennande bloggar. På dagens bloggrunde kom eg over bloggen til Strikkeglede og smykkefryd. Denne koselige bloggen har eg dumpa innom før, og jammen kan det hende at det lønnar seg å komme tilbake, for der er det giveaway på gang 🙂

Ho rundar 40000 besøkjande, og det er i den forbindelse ho arrangerer giweavay for å feire. Eg har tatt tre «lodd», og viss du stikk innom, kan du også ta «lodd» og være med på trekninga om den flotte premien 🙂

november 8, 2010 Posted by | Diverse | Kommenter innlegget

Wollmeisehanskar til gutar

Ungane merkar også at det går mot haust ute, så guttungen har hatt inne bestilling på eit par heimestrikka hanskar. Eg fann ut at han måtte få litt meir «mandige» hanskar enn eg har hatt på pinnane tidlegare.

Hanskane er ein variant av Knotty hanskane eg strikka tidlegare, men i staden for fletter, har eg berre latt deler av vrangborda oppå handa gå lenger fram enn på undersida.  Dersom du vil strikke desse, finn du mønsteret her (Ravelrylenke). I skrivande stund er ikkje mønsteret heilt ferdig skrive, men det blir fullført så snart eg finn ledig tid.

 

Hanskane er sjølvsagt strikka i mitt favorittgarn, Wollmeise. Hanskane er strikka på pinne nr 2, så det er ikkje gjordt på ein kveld å strikke eit par av desse.

Pusen Kåre har godkjendt hanskane også. Mjuke og deilie å kose med 🙂

Hanskane er ein del av  Lille Rosin sin Hobbybodkalender for oktober. Der var fleire oppgåver som høva bra, så eg har allereie eit nytt prosjekt på pinnane.

 

 

 

oktober 18, 2010 Posted by | Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Strikking, Wollmeise | 4 kommentarar

Eg kastar meg på handlenenett trenden

Septemberoppgåva til Lille Rosin på Hobbyboden vart eit handlenett i romantisk stoff.

Viss du får lyst å lage eit sjølv, finn du ei enkel rettleiing på korleis du syr handlenett i bloggen Bare prat

 

Nettet vart retteleg søtt, så no gjeld det berre å hugse å ta det med seg når ein skal handle 😉

 

september 29, 2010 Posted by | Diverse, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, vesker | , | Kommenter innlegget

Eg bur kanskje ikkje i verdas navle….

…men kva gjer vel det når ein bur i verdas vakraste fylke??

Eg kom over nokre bilete som var tekne tidlegare i haust, men som eg trudde eg hadde mista.

Lukka var stor når eg fann dei att, og eg fekk så innmari lyst å vise dåkke nokre av dei!

Turen gjekk til Hornindalsrokken, eller Hånndalsrokkjen som ein seier heromkring. Horningdalsrokken ligg i Hornindal kommune, og ragar 1529 moh.

Biletet er tatt nesten på toppen. Eg anar ikkje kor mange meter det er ned til vatnet under her, men ein skal passe seg vel for å ramle utfor denne kanten.

Utsikt mot Sunnmøre.

Utsikt retning Hornindal.

Gjett om ho kosar seg!!

Tilbakeblikk. Her er det virkelig bratt, men eg klarar desverre ikkje ta bilete slik at ein ser korleis det verkeleg er.

No står snart vinteren for døra, så det blir neppe fleire slike turar i år, men ein kan vel allereie no glede seg til neste sesong 🙂

september 23, 2010 Posted by | Diverse | 6 kommentarar