Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hjertelue

Her er novemberbidraget mitt til Lille Rosin sin kalender 2010.

Mønsteret heiter Hjertelig hilsen vintersett . Eg har gjordt  nokre små endringar på hua, for at den skal passe betre til garnet eg har brukt.

Garnet heiter MITU alpakka ull og er frå Rauma Ullvarefabrikk. Garnet er deilig å strikke med, og skal strikkast med pinne 3,5-4. Eg har brukt p4 her. Det blir ei tjukk og god lue, og den er utruleg mjuk og god.

Reklame

desember 1, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 2 kommentarar

Wollmeisehanskar til gutar

Ungane merkar også at det går mot haust ute, så guttungen har hatt inne bestilling på eit par heimestrikka hanskar. Eg fann ut at han måtte få litt meir «mandige» hanskar enn eg har hatt på pinnane tidlegare.

Hanskane er ein variant av Knotty hanskane eg strikka tidlegare, men i staden for fletter, har eg berre latt deler av vrangborda oppå handa gå lenger fram enn på undersida.  Dersom du vil strikke desse, finn du mønsteret her (Ravelrylenke). I skrivande stund er ikkje mønsteret heilt ferdig skrive, men det blir fullført så snart eg finn ledig tid.

 

Hanskane er sjølvsagt strikka i mitt favorittgarn, Wollmeise. Hanskane er strikka på pinne nr 2, så det er ikkje gjordt på ein kveld å strikke eit par av desse.

Pusen Kåre har godkjendt hanskane også. Mjuke og deilie å kose med 🙂

Hanskane er ein del av  Lille Rosin sin Hobbybodkalender for oktober. Der var fleire oppgåver som høva bra, så eg har allereie eit nytt prosjekt på pinnane.

 

 

 

oktober 18, 2010 Posted by | Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Strikking, Wollmeise | 4 kommentarar

Eg kastar meg på handlenenett trenden

Septemberoppgåva til Lille Rosin på Hobbyboden vart eit handlenett i romantisk stoff.

Viss du får lyst å lage eit sjølv, finn du ei enkel rettleiing på korleis du syr handlenett i bloggen Bare prat

 

Nettet vart retteleg søtt, så no gjeld det berre å hugse å ta det med seg når ein skal handle 😉

 

september 29, 2010 Posted by | Diverse, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, vesker | , | Kommenter innlegget

Meir eller mindre praktiske dongeritøflar

….tja, nei…praktiske er dei nok ikkje, men litt artige er dei vel…

Tøflane er ei av augustoppgåvene i Lille Rosin sin månadskalender på hobbyboden. Ideen er henta frå denne bloggen, som dessutan inneheld ein del andre artige saker.

Det er ei av mine avlagte dongeribukser og eit gammalt smykke som har fått nytt liv.

Det skulle eigentleg være papp i solen, men eg hadde noko tjukt ullstoff liggjande, så det vart to lag av det i staden. Det resulterte i at tøflane vart skrekkelig varme å ha på føtene. Det var kanskje meininga, men det får no være måte på…. Litt små vart dei og, så eg veit no ikkje om desse vert nokon favoritt på tøffelfronten i år.

Ventar spent på septemberoppgåvene eg….

august 31, 2010 Posted by | Diverse, Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Søm | Éin kommentar

Suppesøtt i pastell

I går hekla eg desse søte hettene til sylteglaslok. Det var ei av oppgåvene i Lille Rosin sin månadskalender for juli.  Kjempeenkle å hekle, og skikkelig søte å sjå på.  Garnet er henta frå restekorga, og det bandet rundt var vekke, så eg veit ikkje kva garn eg har hekla dei i.

Oppskrifta er henta frå Frøken Elsas virkblogg.

Clematis Hagley hybrid blomstrar i hagen akkurat no. Den er ny av året, og akkurat no er det den einaste klematisen som blomstrar.

Litt småsnacs frå hagen 🙂

august 3, 2010 Posted by | Hage, hekling, Lille Rosin sin kalender2010 | 9 kommentarar

Firkantvesker

Lappeklipp si firkantveske var ei av april oppgåvene i kalenderen til Lille Rosin.  Eit artig mønster som berre måtte prøvast.  Eg laga to vesker når eg først var i siget.

Rutene eg brukte er 5×5 inch og er skorne ut av restane av nokre gamle dongeribukser som eg samla til eit prosjekt tidlegare. Kvar veske fekk to ruter med mønster på, slik at det skulle bli litt meir liv.

.

Eg hadde berre knapp til eine veska, så på denne fekk ein avdanka øyredobb gjere nytta. Det er eit gullfarga snøre som fungerer som lukkemekanisme.

To baklommer i kvar veske til innerlommer. Ein liten karabinkrok til å feste ting og tang i på innsida av veska vart festa til lommene.

Audå…når eg ser biletet no, så ser eg at symaskina har dratt ned og floka quiltetråden, dette burde vel ikkje visast offentleg ?? *rødme*

mai 1, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, vesker | 2 kommentarar

Rundpinneetui

Ei av marsoppgåvene i Lille Rosin sin hobbykalender på Hobbyboden var å lage rundpinneetui. Mine er omsider ferdige, men no er vi halvvegs inn i april, så det var kanskje på tide. Dette prosjektet finn du i Marita sin blogg.

Det er lenge sidan eg starta på prosjektet, men eg kom liksom på kant med det heilt i starten, og vi vart liksom aldri heilt venner igjen. Til slutt fann eg ut at det var berre å ta seg sjølv i nakken å gjere dei ferdige. Etuia vart vel heilt ok, men det er slett ikkje sikkert at eg gidd å lage fleire.  Det var faktisk eg som foreslo denne oppgåva, for eg har tenkt på å lage slike lenge. Kvifor eg ikkje vart heilt ven med prosjektet forstår eg ikkje – dei var ikkje akkurat så vanskelige å lage.

Fuchsiastoffet har eg hatt liggjande lenge, fordi eg ikkje har visst heilt kva eg skal nytte det til. Det er ofte vanskelig å finne fornuftige bruksområde på slike stoff med store,klare motiv. På biletet under ser du nærbilete av dei flotte fuchsiablomstrane.

april 15, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin sin kalender2010, Søm | 3 kommentarar

Myntvesker

Dagens prosjekt frå Lille Rosin sin kalender er desse to myntpungane.Telyset indikerer størrelsen.

Rettleiinga fann eg i Timotei sin blogg.  Ho har lagt ut ei steg for steg rettleiing, som er så enkel at alle kan klare det.

God helg til alle som stikk innom!

mars 13, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin sin kalender2010, Søm | 5 kommentarar

Baktusskjerf med fluff

Så var det tid for det første marsprosjektet i Lille rosin sin kalender for februar. Der var fleire spennande saker å velge mellom, så det kjem nok fleire postar om temaet snart.

Dette skjerfet er laga av eit garn som heiter Cash Sock frå Gepard. Eit Italiensk garn som består av 6% Kasmir, 69% ull og 25% akryl. I følge produsenten skal det være eit sterkt strømpegarn.  Garnet er kjøpt hjå ein av dei lokale forhandlarane her. 

Mønsteret er henta frå Hedvig sin blogg. Eigentleg skulle det være ferdig når eg hadde strikka det rosa, men eg syntest det vart skrekkelig kjedelig, så eg strikka ein fluffy kant rundt. Kanten er strikka i Funny frå Sandnes garn som er eit garn av 100% akryl

Cash Sock er eit mjukt og deilig garn, som i følge produsenten skal være eit sterkt sokkegarn.

mars 7, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | Kommenter innlegget

Hekla korg, februaroppgåve

Eg er visst litt sløv med blogginga for tida. Lille rosin sin kalenderoppgåve for februar inneheldt blandt anna ei hekla korg. Det er fryktelig lenge sidan sist eg hekla, så dette var morsomt 🙂

Eg brukte to nøster Bomull sport frå Gjesdal. Korga bestod stort sett av fastmasker som vart hekla rundt og rund til korga vart ferdig. Eg hekla til det var tomt for garn – enkelt og greit.

Til slutt sydde eg fast blonden og eit paljettband rundt heile korga.

mars 7, 2010 Posted by | hekling, Lille Rosin sin kalender2010 | Éin kommentar