Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Suppesøtt i pastell

I går hekla eg desse søte hettene til sylteglaslok. Det var ei av oppgåvene i Lille Rosin sin månadskalender for juli.  Kjempeenkle å hekle, og skikkelig søte å sjå på.  Garnet er henta frå restekorga, og det bandet rundt var vekke, så eg veit ikkje kva garn eg har hekla dei i.

Oppskrifta er henta frå Frøken Elsas virkblogg.

Clematis Hagley hybrid blomstrar i hagen akkurat no. Den er ny av året, og akkurat no er det den einaste klematisen som blomstrar.

Litt småsnacs frå hagen 🙂

Reklame

august 3, 2010 Posted by | Hage, hekling, Lille Rosin sin kalender2010 | 9 kommentarar

Juni i hagen

Lewesiaen min er i ferd med å springe ut for fullt. Dette er ein takknemlig plante å ha. Den blomstrar voldsomt heile sommaren. Den sprer seg, men det er lett å dra opp småplantane, så det er ikkje noko problem

Eg har fått meg eit plantebord. Deilig å kunne stå oppreist å jobbe, hagearbeid er ikkje akkurat det beste for ryggen, så det gjeld å passe på.

Blomsterkassene mine har fått nellikar og krypfredløs i år. Dei kvite nellikane er hengande, fylte og luktar heilt fantastisk! Dei skal få henge på rekkverket på altanen, men akkurat no er der ikkje noko rekkverk å henge dei på, så då kan dei få gjere nytte her i staden.

Denne oppstamma gullregnen kjøpte eg i fjor.  Den blir nok ikkje så stor og staselig som vanlige gullregn kan bli, men eg trur nok at den vert flott når den får nokre år på seg. I og med at kruna er nokså vid, la snøen seg godt oppå kruna og bøygde tredet. Det er kanskje ikkje verdens flottaste arrangement eg har laga for å få den til å rette seg opp igjen, men det er mindlertidig, så då får det duge.

Naturen er flinkare enn meg til å lage støtter. Stilig!!

juni 5, 2010 Posted by | Hage | 2 kommentarar

11.mai 2010….

…..og 17.mai nærmar seg med stormskritt….

Håpar det kjem litt meir varmegrader i løpet av veka.

mai 11, 2010 Posted by | Diverse, Hage | 3 kommentarar

Gubben og gamla låg og drog, men fekk ikkje opp rota

før gubben kom på at han hadde ei sag…..

Den flotte Skogskjegghekken min treng nemlig å trimmast litt. Då eg planta den der, hadde eg gravd opp nokre plantar som stod delvis under eit tak, i ei tørr skråning bak huset. Dei var berre halvmeteren høge, så eg tenkte dei kunne passe perfekt attmed vegen. Tenkte det kunne være greit med ein hekk som visna ned om vinteren, slik at det ikkje vart problemer med snømåkinga her. Det som skjedde då eg planta dei her, var at når dei fekk skikkelige forhold, så vart dei kjempedigre, og då kom dei plutselig litt nært vegen.

No grev eg opp den halvparten av rota som vender mot vegen, og set ned ødelagte skiferheller i håp om at dei kan hindre planten å breie seg mot vegen igjen.

Rotsystemet til Skogskjeggen er vanvittig. Eg klarte ikkje å dele rota når eg hoppa på spaden. Gubben kom etter kvart fram til at ei sag var einaste dugande verktyet. På øverste biletet held han på med saga. Første sagbladet braut, og det andre vart så slitt at det var så vidt han fekk saga gjennom alle røtene

 I trillebåra er det eg har klart å få opp så langt. Desverre er eg berre halvvegs, så eg har enno nokre tøffe tak igjen før jobben er gjordt. 

God hagehelg!

april 30, 2010 Posted by | Hage | Kommenter innlegget

Trau av hypertufa

I helga stilte eg tunet mitt til rådevelde for hagelaget sitt kurs i støyping av hypertufa.  Viss du vil lese meir om sjølve kurset kan du ta en kikk i Hagelagsbloggen vår.

Mellom kaffiservering og tilrettelegging, fekk eg lurt meg til å støype eit trau. No har eg pussa utsida av trauet med stålbørste og planta litt vårblomster i.  Det var trivelig med litt vårblomster og farge på trappa no etter den lange, kalde vinteren.

april 15, 2010 Posted by | Diverse, Hage | Éin kommentar

Vårteikn

Er der sikrare vårteikn enn at insekta inntek verden igjen? I komposten er der massevis av flugelarvar, både kvite og raude.  Og når eg renska jordbæråkeren var der massevis av små åkersneglar. Ja, det var vel ikkje akkurat dette eg hadde tenkt å skrive om i dag, men det var ikkje til å unngå at eg støtte på dei i løpet av årets første hagedag.

Ein annan kar(eller dame) eg støtte på i hagen i dag var marihøna (namnet tyder på at det er ei dame 😉 ).

Ellers så er det litt av kvart som dukkar opp under lauvet, og nokre sprirar tek rett og slett snarvegen gjennom lauvet.

Blåveisen er plassert nordvendt, så den er kanskje litt treg.

Krokus

Julerose

Kubjelle

Når alle desse først er i gang, er det nok ikkje lenge før dei fyller beda. Veirmeldinga tyder på at det skal bli ei fantastisk hagehelg. Eg kjem nok fort tilbake med nye, frodige blomsterbilete. Den nye linsa er jo heilt fantastisk! Sjå berre på duggdråpane på biletet over – dei er faktisk flotte å sjå på.

april 8, 2010 Posted by | Diverse, Hage | 5 kommentarar

SOL!!!

I dag kom sola for første gong i år!

Etter 3 mnd uten sol, er det jammen deilig når den bikkar over fjelltoppen her 🙂 .

februar 15, 2010 Posted by | Diverse, Hage | 9 kommentarar

Fortsatt liv i hagen

IMG_3478

Staudesolsikkene gjev blaffen i både vind og regn og struttar med dei gule blomstrane sine. Denne blomstrar lenge, og er litt av eit syn no i slutten av hagesesongen. Den er minst 1,7 meter høg.

IMG_3479

Rosene likar nok ikkje regnet, men desse står delvis under tak, så dei ser flotte ut likevel.

IMG_3481

Planta ein Clematis «Princess Diana» i fjor. I vår såg den daud ut, så eg hadde vel avskrive den for i år. Så dukka det opp nokre klematisspirer utpå sommaren, og gjett om eg vart glad for å sjå prinsessa igjen. No har den flotte knoppar, og viss frosten held seg unna litt til blomstrar den snart. Problemet no er at desse knoppane neppe tilhøyrer C. «Princess Diana», skal tru kva dette kan være slags klematis??

I skrivande stund ser eg at det snør heilt ned i 400 meters høgde, så det spørs om ikkje frosten kjem til å ta knekken på knoppane før dei spring ut 😦

IMG_3485

Oktoberhjelmen er eit flott syn no.

IMG_3487

Hugsar ikkje heilt kva dette er, men på grunn av det mørke bladverket er den dekorativ heile sommaren, sjølv om den ikkje blomstrar før no.

Krepsemor har vore så snill å legge igjen kommentar om namnet på denne, og det er altså Cimicifuga racemosa Atropurpurea, eller Klaseormedrue på norsk 🙂

IMG_3477

Tja…kva er no dette??? Det er vel eit bevis på at komposten min ikkje har heilt optimale forhold. Då eg åpna loket på varmkomposten i dag, vaks denne artige soppen på toppen 🙂

september 30, 2009 Posted by | Hage | 6 kommentarar

Gavemakeriet

Når ein brukar så mykje tid på hobbyane sine som eg gjer, så synest i alle fall eg at det er kjekt at det kan komme andre til gode. Derfor blir faktisk mesteparten av det eg lagar til gåver. Denne gongen er det ein nevø som har hatt bursdag.

IMG_3341 IMG_3344

Han fekk eit par sokkar strikka i Juvel frå Idena. Eit deilig garn å strikke i – får berre håpe at det er slitesterkt nok til sokkegarn. Sjølv om det nok var legosettet i pakken som var kjekkast for pjokken, så får vi tru at sokkane kan gjere god nytte utover hausten 🙂

Hagen er sørgelig for tida. Forsømt av eigaren og grundig vatna frå oven…. Likevel er der litt som blomstrar.

IMG_3345

Denne buketten består kun av blomster frå hagen og var ei ekstra gåve til ei veninde som feira litt forsinka bursdagsselskap her om dagen.

september 7, 2009 Posted by | Hage, Handarbeid, Strikking | Kommenter innlegget

På tide med litt blomsterbilder igjen

Hagen min er virkelig neglisjert i sommar. Det er nesten litt pinlig, men det er omtrent berre litt plenklipping og bittelitt luking som har blitt gjordt her. Har liksom 1000 andre prosjekt som stel tid og energi. Det fine med hagen er at det meste toler ein støyt, slik at det  likevel er litt av kvart som blomstrar.

IMG_3292 IMG_3297 

Til venstre ser du den einaste pelargoniaen eg har overvintra sjølv. Har desverre ikkje namnet på den, men det er nok ein heilt vanleg pellis. Legg gjerne igjen ein kommentar viss du har namnet. Til høgre ser du Sølvi. Den har nydelege blomster. Desverre er den berre så vidt sprunge ut no, men den klare, raude fargen er tydelig likevel.

IMG_3293 

Pusen på trappa passar på p. A happy thought, også ein flott, raud pellis. Selvfølgelig avblomstra no når eg endelig kom meg ut på fototur.

IMG_3298 

Alle desse har eg kjøpt som stiklingar av Elisabeth  tidlegare i år. Ta deg ein tur innom bloggen hennar, der finn du virkelig mykje fint når det gjeld pelargonier!

IMG_3296  IMG_2792

Til venstre er Delphinium «The pinks». Dette er den einaste av riddersporane eg bestilte som frø frå New Zealand i vår som har blomstra. Den har småflikete blad og virkar atskillig sartare enn dei andre riddersporene mine, så eg er spent på korleis den tålar vinteren.

Til høgre er ein namnlaus  riddarspore som vart sådd i fjor. Den er no avblomstra, men eg har ikkje blogga den tidlegare, og så passa det fint med to riddarsporar ved sidan av kvarandre 😉 .

august 19, 2009 Posted by | Hage | 2 kommentarar