Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Delphiniumdilla

Delphinium, eller riddersporer er ein av mine favorittar når det gjeld stauder. Den er fantastisk flott og majestetisk når den blomstrar, og den spreier seg berre sånn måtelig. Eg har ikkje sett at dei spreier seg ved frø i hagen, og dei har heller ikkje utløparar som dukkar opp der det passar minst. Sjølv om dei ikkje har sådd seg sjølv i hagen, er det lett å få sjølvplukka frø til å spire neste vår.

Etter kvart har eg funne ut at det finst utallige variantar rundt om i verden, sjølv om hagesenter eg har vore i har heller labert utval. I forrige veke snubla eg over denne nettbutikken  på New Zealand, og i dag låg 5 posar med frø i postkassa mi 🙂

Reklame

april 21, 2009 Posted by | Hage, Såliste 2009 | Éin kommentar

Har sådd litt til

  • Impatiens (frå eigen hage, truleg Wallerina)
  • Nigella damascena, Jomfruen i det grønne.
  • Lactuca sativa, plukksalat
  • Purre, Sigfried frost
  • Romersk salat
  • Blomkål
  • Persille

 

Prikla litt blomster også:

  • Nemesia (fått prikleplantar av Cherie )
  • Tagetes nenuifolia (også fått frå Cherie)
  • Ipomoea (blanding av Knowlian black og Scarlet o’hara)

april 9, 2009 Posted by | Hage, Såliste 2009 | 4 kommentarar

Såliste 2009

I dag har eg omsider komt meg i gang med såinga. Er nok eit par månader seinare ute enn eg har vore dei siste åra. Det har eit eige lag med å bli kjempetrangt under plantelysa når det lir litt frampå mot sommaren, så eg har tvinga meg sjølv til å vente litt.

For nokre veker sidan sådde eg ein pose Alcea rosea. Det var heimeplukka frø som eg har bytta til meg for lenge sidan. No er der to spirer som står under plantelys og koser seg.

Det eg har sådd i dag er:

  • Cortusa matthioli  (Hajal?)
  • Hengelobelia  (Weibulls)
  • Kantlobelia  (Weibulls)
  • Ipomoea quamoclit «white feather»  (Lord Nelson)
  • Malva sylvestris « Purple satin»  ( Lord Nelson)
  • Alcea rosea-hybrid «Simplex», Stokkrose
  • Petunia  ( frå eigen hage)
  • Delphinium «Funeral parlors», (frå eigen hage), Ridderspore
  • Primula jesoana (Hajal?)
  • Lychnis arkwrightii
  • Cortusa Mathiolii
  • Aquilegia flabellata, kvit og blå dvergakeleie
  • Ipomoea blanding av «scarlet o’hara» og «knowlian black»
  • Consolida ajacis, ridderspore «The pinks»

Eg har desverre ikkje norsk navn på alle sortane. Viss du har eit namn på dei eg manglar, så legg gjerne inn ein kommentar 🙂

hagen-6-august-08-006

Dette er eit bilete eg tok i fjor sommar av Delphinium «funeral parlors». Den vart sådd i fjor vår. På frøpakken var det bilde av ein nesten svart ridderspore, men min fekk mest kvitt og litt svart her og der. Frøa eg har sådd i dag er frå denne planten, eg veit ikkje om frøplantane vil likne på morplanten, eller om eg kan være heldig å få plantar som er mørkare.

mars 21, 2009 Posted by | Hage, Såliste 2009 | | 3 kommentarar