Konkurranse på Kremmerhuset
Kremmerhuset et ein av mine favorittbutikkar. Ein tur innom er fast prosedyre når eg er i urbane strok. Det er slett ikkje kvar gong eg handlar, har mykje glede av å berre sjå.
Kremmerhusetbloggen feirar 1 års jubileum med ein liten konkurranse. Den går ut på at vi skal lage ein kollage av ynskjelista vår, og her får du mi:
Sakene på ønskelista mi er:
Kian hylle med skuff. Denne hadde passa perfekt på jenterommet. Fargen passar perfekt til tapeten hennar…….trur eg……
Lampa hadde passa fint på guterommet. Der er det behov for meir lys, og denne passar perfekt til innredninga der.
Handkrem i ulike variantar til mor sjølv. Har kjøpt det før, og den er berre super!
Det samme gjeld teen – for tida er favoritten Roboiste med rabarbra og vanilje – nyydelig!!
Skåler til servering av diverse salatar har vi alltid behov for.
Så skulle vi hatt nokre lekre koppar til å nyte kaffe frå nykverna kaffibønner……
Ta ein tur innom Kremmerhusbloggen og bli med du også!
Tjuvstart i det nye hobbyrommet
Sjølv om det har blitt lite blogging i sommar, betyr ikkje det at det har vore stillstand på korkje hage- eller hobbyfronten. Eg skal komme tilbake med blomsterbilder etter kvart, men i dag har eg lyst å vise dåkke at eg har innvia det nye hobbyrommet mitt 🙂 .
Eg har rett og slett tjuvstarta, for rommet er ikkje heilt ferdig. Det gjenstår ein del småting, men det er slikt som skal gjerast når det blir dårlegare veir ute. Det er massevis for snekkaren å gjere ute medan veirgudane tillet utearbeid, så eg får smørje meg med eit par dosar tålmod så lenge.
På benken ligg det første prosjektet eg jobbar med i det nye hobbyrommet. Det er rulla inn i eit dynetrekk, slik at eg ikkje skal misse kontrollen på kor eg har plassert alle lappane. På denne måten kan eg rulle ut etter kvart som eg treng nye lappar, og samtidig rulle saman på andre sidan der eg har sydd saman lappane. I venstre biletkant heng ledning til arbeislys som ikkje er montert. Der heng fleire slike omkring i rommet, men eg har dratt inn ei stålampe og skøyteledning, så eg har fint arbeidslys likevel.
Det pågåande prosjektet er henta frå denne boka av Gerd Gellein Merkesdal. Eg kjem tilbake med fleire bilete av prosjektet seinare.
Sånn ser det ut når eg sit og jobbar. Fin utsikt gjennom eit halvferdig vindauge. Kaffikoppen er sjølvsagt alltid med. Det samme med radioen. Som regel er det Radio Norge, men er det rett tid på dagen, er det lokalradio eller nitimen som blir prioritert.
Biletet til venstre viser den delen av benken som no blir brukt til skjærebord. Denne benken er for lav, så difor er det laga til område der eg skal ha eit flyttbart skjærebord under skapa på det høgre biletet. Dette rommet er lyst og trivelig, så det er ein fryd å sitje her og sy!
Stolen er ein av fire slike, og er arvegods frå barndomsheimen til mor mi. Eg diggar desse stolane, sjølv om dei er mottetne, måla på nytt og nedslitne igjen. Fronten under setet er krakelert. Det er jo akkurat slik folk vil ha det for tida, men denne er heilt naturleg slik etter mange års bruk og slitasje.
Ein eldre kar frå bygda her fortalte meg at det var vanleg med trebeina stolar før i tida. Golva var ofte så ujamne at vanlege stolar blei ståande å vippe. Ein treibeina stol, derimot stod stødig og godt.
Kurs i pilfletting, Nordfjordeid
I fjor prøvde hagelaget vårt å arrangere kurs i pilfletting. Desverre måtte det avlysast den gongen. No prøver vi igjen, for pilfletting virkar kjempemorsomt. Eg ser at ein del av dei som har kikka innom bloggen min har brukt søkeordet pilfletting, så då fann eg ut at eg kanskje kan treffe mange intresserte med å reklamere litt her. Under her limer eg inn «plakaten» med opplysningar om kurset. Kurset er for alle, så ein treng ikkje være medlem i noko hagelag for å være med.
Kurs i pilfletting
Eid Hagelag arrangerer kurs i pilfletting.
Det vert fletting av små ting til hagen, til dømes
klatrestativ til plantar og fuglebrett.
Kurshaldar er Else K. Garshol frå Pil og litt til (www.piloglitt-til.moo.no )
-Laurdag 28.mars og søndag29.mars 2009
Pris per kurs kr 1500,-
Dette inkluderer kurs to dagar inkl. varm mat laurdag, kaffe og kaker.
Materialkostnader kjem i tillegg på ca 250 kr
Kurset finn stad i ungdomshuset på Hjelle (Nordfjordeid).
Bindande påmelding innan 10. mars til
Elin på tlf 99161392
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Antikviteter og snurrepiperier
Nokon klagar over at her er lite aktivitet for tida….og, ja det er heilt sant! Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å drive med hobbyaktivitetar for tida, og då blir det lite å skrive om i hobbybloggen, desverre. Eg skal heller fortelje dokke om nokre småsaker eg har fått i det siste.
Dette flotte, gamle fatet har eg fått frå barndomsheimen til mor mi. Det er heilt tydeeleg at det er godt brukt, og eg antok at det var gammalt. Eg veit ingenting om det, men eg vart så fasinert over at nokon har teke seg bryet med å reparere det.
På undersida har nokon sett inn kjeng for å holde bitane saman. Til saman er det seks slike kjengar, i tillegg til at det er limt.
Slik ser stempelet på undersida ut. Serien heiter altså Celestial, og det er Gustafsberg som har produsert det. Eg har fått opplyst at denne serien vart produsert i tida 1864 til 1880. Dei einaste bilda av denne serien som eg finn på nettet har fargar og muligens gull i motivet, og er stempla under med det ankeret som er på Gustafsberg sitt porselen. Bollen min har altså ikkje korkje dei fargane eller det stempelet.
Dette søte bildet merka eg meg ikkje med før mor mi sa at dette bildet ville passe fint i det nye kjøkkenet mitt. Då først såg eg virkelig på bildet, og ser at jenta sit framfor vedovnen og skreller poteter. Ho kviler føtene på ein stein. Skal tru om ho har varma steinen på ovnen, slik at ho skal få noko varmt og godt under føtene medan ho jobbar? Det var nok golvkaldt i kjøkenet .
Tittelen på biletet er «Gamle minder», men der er ikkje navn på den som har måla eller teikna det. Det er nok eit foto av eit maleri. På baksida har nokon skrive med sirlig og flott fyllepennskrift: «Erindring af Din …… 1912 fra Hanna & Johannes.» Desverre er baksida litt skadd slik at det eine ordet er vekke.
Nokon stor antikvarisk verdi har neppe dessse to sakene, men for meg har dei stor affeksjonsverdi.
Hobbyrom planer
No er det altfor lenge sidan eg har oppdatert her. Best å passe seg så ikkje alle dåkke som er innom går lei av å sjekke bloggen min 😉 . Det har sin naturlege forklaring at det blir lite blogging. Eg har rett og slett ikkje hatt så mykje tid til hobby i det siste. Det blir bittelitt strikking innimellom, men det kjem eg tilbake til når eg har ferdig prosjekt å vise dåkke.
Så for å kunne skrive noko hobbyrelatert i dag, har eg prøvd å scanne inn planane mine for det nye hobbyrommet mitt. Gubben skal legge tak, men først må der plasserast lyspunkt og stikkontakter. Det er neimenn ikkje noken enkel sak å bestemme seg for kor ein skal plassere dei elektriske dippeduttane. Har prøvd å bruke IKEA sin kitchen-planner, slik at eg får ein slags plan over korleis eg vil ha det. Problemet er at eg heile tida ombestemmer meg….
Her er rommet vist frå to ulike vinklar. Desverre er det svake fargar på ein del, så det vart ikkje veldig bra når eg scanna det inn. Klikk på bildet, så vert det lettare å sjå.
Eg tenkjer meg ein fast arbeidsplass framfor vindauget. Der vil det bli plass for symaskin, og på kvar side av arbeidsplassen er det skuffer med plass til det meste ein har behov for dagleg. På motsett side av rommet vil eg ha eit heimelaga bord, som til dagleg skal stå inntil veggen. Dette skal ha ei bordplate som kan løftast opp på baksida. På den måten kan eg dra fram bordet og lage eit breidt og godt arbeidsbord når eg har behov for det. Under bordet står tre mindre skuffeseksjonar på hjul, slik at dei kan flyttast når det er behov for det.
Er det ein god plan, eller? Kom gjerne med gode tips!
Status for påbygget vårt
Har fått ein del spørsmål frå venner og bekjente, som meiner det er påkrevd med oppdatering av påbygningsprosjektet vårt. I dag er stillaset som har vore rundt tatt ned, så då vart det litt kjekkare å vise fram enn det har vore før. Forrige gong eg blogga noko om prosjektet såg det slik ut.
Her er inngangspartiet. Det skal selvfølgelig komme ei litt kjekkare dør før vi er ferdige, men foreløpig duger denne til å holde vind og minusgrader ute. Trappa er eg litt kry av, den vart ganske så pen igrunn. Den er ikkje ferdig, det blir fleire trinn innmed husveggen nedover den bratte skråninga, men vi grublar fortsatt på korleis vi skal få til ei fin avslutning.
Her er påbygget sett frå motsett side. Døra går inn til det nye kjøkenet. Nytt hobbyrom blir der det er eit vindauge for seg sjølv. Resten av huset vil få samme sort vindauge som påbygget har. Av og til lurar eg på om vi har valgt for små vindauge, men eg satsar på at når bordkledning og listverk er på plass, så blir det nok bra. Takterassen blir heilt skjerma, og der vil vi kunne nyte kveldsola i fred og ro (i den grad her er sol her på Nordvestlandet……).
Ja, det er visst ein hobbyblogg, så alibiet mitt for å blogge i dag er at eg har vore på shopping. Blada er det rett nok nokre dagar sidan eg kjøpte, men stoff og strikkepinnar er dagens fangst. Symaskina mi er på service, så sying blir det ikkje enno. Sidan eg vaskar alle stoffa før bruk, så er dei foreløpig her. I påvente av at symaskina skal bli klar, kjøpte eg bambusstrikkepinnar. Kva dei skal brukast til får dåkke sjå seinare.
Utrivelig hagedag
Hagearbeid er kjekkast når når det er varmt og godt ute. Det treng vel strengt tatt ikkje være så varmt, men nokonlunde tørt bør det være. Då blir det meste så mykje lettare. Gode luktar er også noko som aukar hagegleda. Nokre plantar kan ein lukte lang veg når svak vind ber med seg lukta dit ein er, medan andre plantar spreier god lukt når du tek borti dei.
Nokre lukter i hagen set eg mindre pris på. Komposten, for eksempel, er absolutt pyton! Eg prøver å fortrenge den så godt eg kan, og så lenge loket er på, så går det jo greit. Det er berre det at av og til vert den full, og sidan vi som komposterar ikkje får levere matrestar med søpla, så må den berre tømmast av og til. No kunne eg ikkje lenger ignorere det faktum at komposten var full, så det var berre å kle seg godt og gå ut i regnet og starte spadinga. Ein røynd kompostør vil nok sjå av biletet at denne komposten ikkje er heilt god. Eg har aldri heilt fått til komposten min, og det er vel difor den har denne kvalmande og intense lukta. Eg held ut kun fordi at eg ser at plantane diggar kompostjorda (og fordi eg har signert ei avtale miljøverket vårt).
Det er ikkje berre i komposten det står dårleg til for tida. Sidan store deler av hagen min er oppgravd, fører regnet til at det vert vanvittig gjørmete rundt huset. Mine flotte hagestøvlar er ikkje lenger så flotte 😦 .
Resten av skoparken i familien er heller ikkje særlig vakkert skue for tida.
Til tross for all møkka rundt omkring her, så er det altså lyspunkt. Kjellarveggane er ferdig støypte, så det går virkelig framover. Etter at biletet var teke, har det også blitt fylt igjen ein del masse rundt murane, og forskalinga er fjærna.
Til tross for regn og gjørme og dårleg kompost, finst der ting å glede seg over i hagen:
Denne sukkulenten blomstrar for første gong. Den er frå ei frøblanding eg sådde for eit par år sidan. Eg kjenner desverre ikkje navnet på den.
Stokkrosene har så vidt starta blomstringa si. Nigra er først ute.
Denne peonen flytta eg for litt sidan. Då stod den med massevis av blomsterknoppar, så eg var spent på korleis det ville gå. Som dåkke ser, så gjekk det heilt flott 🙂 . Akkurat no heng den med hovudet, fordi dei store flotte blomstrane vert tunge av regnet.
Begivenhetsrik helg
Denne helga har eg vore på veskekurs med Andre Wallenborg. Eg trur faktisk dette er det beste kurset eg har vore på når deg gjeld søm. Vi fekk sy ei veske laurdag og ei søndag. Veskene er kanskje ikkje akkurat det mest fancy ein kunne lage når ein har ein slik kurshaldar. Begge veskene inneheld ein del gode teknikkar, som er bakgrunnen for at akkurat desse to modellane er blitt brukt til kurset.
Kursleiaren gjekk gjennom kvart steg i prosessen steg for steg. Skikkelig teskei-læring :). Dei teknikkane eg trur eg kjem til å ha mest nytte av er måten han sydde glidelås på, måten han lagde gode botnar i veskene, hankar, måten han tenkjer form på….ja i grunn det meste….
Slik ser altså ei av Andre Wallenberg sine vesker ut.
Slik vart mine vesker. Den prikkete er ei konvoluttveske. Ikkje noko eg brukar særleg ofte. Eg festa difor ein liten festeanordning i eine sida, slik at eg lett kan feste den på innsida av ei anna veske. Eg fann nemlig ut at den hadde perfekt størrelse til å putte pass oppi når ein skal på tur. Heretter får altså familiens pass reise på tur ganske så standsmessig.
Medan mor i huset har kosa seg på veskekurs, har far i huset streva på for å få badet på loftet ferdig. No er det snart klart. Det er vel berre rørleggaren vi ventar på. Usikker på om det vert no, eller om det vert seinare i sommar, då vi likevel treng rørleggar til utearbeid.
Sånn ser det ut sett frå gangen. Gardina er berre eit tøystykke som er teipa fast. Liftgardinsett er bestilt, så det kjem seinare.
Dette er motsett vegg. Møblar og tilbehør er frå Ikea. Spegelen såg eg i Ikeakatalogen, men fekk selvfølgelig ikkje tak i den eller lampettane i Åsane. Då er eg så heldig at eg i periodar jobbar i lag med ei svensk dame som bur i nærleiken av eit svensk Ikeavarehus. Ho handla spegelen og lampettane for meg der. Virkelig kjekt gjordt av henne!
Vegghengt toalett har vore ein draum i alle åra eg har budd her, og ikkje minst ein skikkeleg dusj. Omsider er begge deler på plass
Ein annan kjekk detalj som er på plass er den innebygde skittentøysjakta som går rett ned til vaskerommet 🙂 .
Viss du lurar på korleis badet såg ut før vi starta på prosjektet, kan du lese her
Sonen i huset gledar seg sånn til at vi skal starte påbygging av huset, slik at han kan få seg nytt rom. Det er mulig det går litt for tregt framover, for han har sett i gang med å førebu området for gravemaskinene som etter planen kjem til jonsok. Ikkje farleg å ha prosjekt på gang når ein har så ivrige hjelparar 🙂 .