Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Nye trekk til sofaen

På loftet har vi hatt ståande ein gammal sofa som vi har arva. Den har gjordt god nytte, men den var liksom ikkje heilt min stil. Lenge har eg  hatt lyst å kaste den, men ein kastar vel ikkje gode ting, gjer ein vel?… Eg har også prøvd å gje den vekk til folk eg synest har hatt behov for den…..men trass iherdige forsøk har  er sofaen min enno…

I skapa mine har eg hatt liggjande noko linstoff som opprinneleg var tenkt til å sy liftgardiner av. Dei gardinene vart det aldri noko av, så stoffet har i grunn berre blitt liggjande som skapfyll.  Så ein kveld fekk eg ein lys ide – stoffet ville være perfekt som sofatrekk.  Og frå ide til prosjekt er ikkje vegen lang. Eg kasta meg over arbeidet med stor iver, og i løpet av ein kveld  og påfølgande dag, hadde sofaen på loftet fått nytt liv i den nyinnreia kjellarstova  🙂

Trekket er heilt enkelt sydd. Der er eit trekk til sjølve sofaen, og så er der eit trekk til kvart av armlena. Det er enkelt å ta av trekket, og det toler godt vasking i maskin.

I bakgrunnen har omsider Polkadot-girls teppet mitt endeleg fått ein verdig plass. Teppet er så stort at eg faktisk ikkje har hatt veggplass til det, så det har blitt liggjande i eit skap sidan det var ferdig.

Det var litt for lite stoff til å lage heile trekket i det grå linstoffet.  Heldigvis fekk eg ein stripete gardinrest av ei veninde, og det passa heilt suverent til armlena. Utsida av armlena er av linstoffet, medan innsida og toppen er av det stripete stoffet.

Heile trekket er sydd med overlocmaskin, så sjølve syinga gjekk radigt.

Reklame

mars 8, 2011 Posted by | Interiør, Polka Dot Girls, Søm | 4 kommentarar

Polka Dot Girls er ferdig

Næh, for eit koselig kjøkkenbord!! Og kven er den heldige eigar? Jepp, dette er mitt 🙂

Det blir ikkje ofte vi et middag med denne duken under.

Eit par nærbilder av stritcherya i quilten.

Og sånn ser det ut når det heng. Der er opphengskanalar på baksida, slik at det kan henge på ei gardinstang. Foreløpig har eg ingen vegg som er stor nok.

Det har vore litt av eit arbeid å lage denne quilten, men jammen har eg hatt mange trivelige timar undervegs.  Nokon har lurt på om eg veit kor mange timar eg har brukt på dette, men det anar eg ikkje.

Om du klikkar på kategorien Polka Dot Girls til høgre i bloggen, finn du alle tidlegare innlegg om dette teppet.

februar 7, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 11 kommentarar

Sysøndag

Alt klart for ein kosedag på hobbyrommet. Polka Dot girls i symaskina, Radio Norge på radioen og rykande varm kaffi….det er hærlig det 🙂

Eg har hatt teppet liggande i ei hylle i over eit halvt år, fordi eg ikkje kunne klare å komme i gang med quiltinga. Eg tok det med meg på maratonlaurdagen til lappeklubben. Der fekk eg tråkla det ferdig, og diskutert quiltinga med dei andre damene. Fekk tips om å sjekke www.sy.no for å finne tips til quiltinga. Merete Ellingsen har Quilta massevis av flotte arbeid som kan sjåast på denne sida. Spesielt likte eg ein av måtane ho hadde quilta fleire av teppene på. Du kan sjå den blandt anna på  dette biletet.

Først litt prøveskribling på eit ark, slik at eg har ei viss peiling på kva eg har tenkt å gjere.

Så litt testing på ein prøvelapp, som dåkke ser har det blitt testa både det eine og det andre på denne lappen. Ingen grunn til å sløse med ressursane 😉

Etter mange timar ved maskina er eg ferdig med alle hjertene og blomstrane. Neste trinn no blir å quilte stitcherya, så lukkekant og så er det ferdig 🙂 . Mange timar trivelig arbeide, men jammen er det deilig når det nærmar seg slutten på eit slikt kjempeprosjekt.

januar 17, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 8 kommentarar

img_1001

I dag har eg sydd saman toppen til Polka Dot Girls teppet mitt. Eg leita fram bakstykket og la over toppen, og då viste det seg at bakstykket var alt for lite. Eg heiv meg på telefonen for å fortelje dama som har solgt meg abonnementet for å fortelje at eg måtte få meir stoff til bakstykket. Ho kunne då fortelje at ho ikkje har sendt meg noko bakstykke….. Det viser seg at det eg heile tida har tenkt var eit kjempeflott baksidestoff, skulle være ramme rundt quilten…..

No er rammene komt på, og meir kan ikkje eg gjere før eg får baksidestoff. Egentlig hadde eg tenkt at dette skulle være ein duk, men no har den blitt så diger, at eg har ikkje store nok bord. Eg har visst ikkje store nok veggar til å bruke det som veggquilt heller….

img_0998

Har fått lov å vise fram denne toalettveska som dottera mi har sydd heilt på eigahand. Mønsteret er det samme som eg har brukt på fleire vesker tidlegare. Superenkel å sy, men utruleg funksjonell fasong.

mars 4, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 7 kommentarar

Siste blokk i Polka dot girl teppet ferdig

img_0937

Sånn ser altså den siste delen av Polka Dot Girls teppet mitt ut. Eg har fått ei blokk i posten kvar månad frå mai til desember. Framstykket består av 8 slike blokker. Om du klikkar på kategori Polka Dot Girls i høgre side av skjermbildet, finn du fleire bloggnotat om dette teppet.

img_0938

Det største broderiet i denne blokka var denne kjekke dama i ein fletta stol under rosebogen. Eg skulle likt å hatt ein slik stol i hagen min sjølv. Sikkert kjempekoselig å sitje slik i hagen med ein kaffikopp under rosebogen og ein fugl på armlenet når ein syr stitchery 🙂

img_0939

Skulle ikkje hatt noko i mot å hatt ein slik ærverdig mosegrodd mur med smijernsport i hagen heller. Eg trur desse Polka Dot Girls må ha ein kjempeflott Cottage garden!

img_0940

Og sånn ser det altså ut når alle blokkene ligg slik som dei skal syast saman. Arbeidet er så stort at eg måtte klive opp på arbeidsbenken og ta bildet omlag frå takhøgda for å få med alle delane.

No kvir eg meg faktisk til å ta fatt på samansyinga, for tenk om eg no gjer ein tabbe…

mars 2, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 8 kommentarar

Nest siste polkadot-blokk er ferdig

img_0736 

Sånn vart altså nest siste Polkadot girls blokka sjåandes ut. Den siste blokka er sett saman og klar til å broderast på.

img_0737      img_0738

Dei to stitcherya i blokka ser slik ut.

img_0714

Stoffet til bakside og lukkekant kom også her forleden. Baksidestoffet var utrulig søtt med blomster på. Nesten synd å skjule det på baksida av teppet. 

januar 25, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 2 kommentarar

Polkadotblokk nr 7 er igang.

img_0506

Ja, sånn ser det ut på golvet når eg skal sy nye blokker til polkadot-duken min. Den blir ganske stor etterkvart, så eg må ta golvet til hjelp når eg skal legge blokkene utover.

 

img_0510 

Bitane til blokk 7 er ferdig utskorne, maskina er tredd og kaffikoppen er klar. Det er berre å setje seg i godstolen og sy i veg.

img_0511

Etter samansying må stitcherymønsteret teiknast på stoffet.

img_0512

Eg er så heldig å ha eit salongbord med glasplate. Glasplata kan være noko herk, for alle fingermerker og all smårusk viser godt, men akkurat til dette bruket er den faktisk genial. Når eg legg ei lyskilde under, går teikninga av stitcheryet som ein leik 🙂

No har eg mange koselige timar i sofakroken med stitchery å sjå fram til!

God laurdagskveld!

januar 10, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 7 kommentarar

Forsiktig framover med Polka dots

  

Omsider har eg komt meg inn på hobbysporet igjen. Det har vore litt labert på hobbyfronten, men no satsar eg på at det skal bli betre framover. Den sjette biten til Polka dot girls teppet mitt er ferdig. Her  er to av motiva til delen eg er ferdig med no

  img_0481 img_0483

Og slik ser heile del nr 6 ut. Der ligg klar to nye månadspakkar som eg er klar til å hive meg over snarast. Dette er prosjekt som egnar seg godt til å sitje i sofakroken å sy medan ein ser på tv. Derfor tek det som regel litt tid frå eg har starta på eit nytt til det blir ferdig. 

img_0479

Til slutt eit bilete av Ryssdalshornet i Gloppen, teke i skumringstimane i dag. Biletet er teke på altanen i barndomsheimen min. Kan ikkje klage på utsikta der 🙂

img_0491

januar 4, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 4 kommentarar

Fleire Polkadot-deler er ferdige

Kvar månad sidan mai har eg fått tilsendt ein konvolutt med deler til Polka dot girl. Har lagt litt på etterskudd med broderinga i sommar. Så fekk eg tak i lydboka Jenta som lekte med ilden av Stieg Larsson. Då oppdaga eg at lydbok og stichery er ein perfekt kombinasjon. Den siste veka har eg sete time etter time og kosa meg, og to av månedsblokkene er gjordt unna i ein fei.

    

Over er to av blokkene avbilda. Under er det eit par nærbilder av sticherya. Skulle gjerne hatt ein slik sofa i virkeligheita. Det hadde vore ein passande stad å sitte å kose seg med handarbeid.

 

 Her ligg blokkene eg er ferdig med så langt. Det blir ein gedigen og flott duk til pynt på kjøkkenbordet mitt :).

august 12, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | | 5 kommentarar

Første del av Polka dot girls er ferdig

 

 I starten av mai begynte eg på månedsblokka Polka dot girls.

 Det første eg måtte gjere var å skjære opp stoffa og sy saman blokkene i denne første delen. Deretter overførte eg teikningane til dei lyse blokkene. På baksida har eg tråkla fast vatt. Så var det berre å begynde syarbeidet. Det er i grunn eit pirkearbeid, men eg kosar meg medan eg held på.

 Sånn ser den ferdige blokka ut.

   Eg er til høgre på bildet 😉

Over ser du nærbilete av eit par av broderia.

Duken er i ein heilt annan fargeskala enn biletet nettbutikken reklamerer med, så eg vart litt skuffa med det same. Likevel det blir ein kjempefin duk, så eg gledar meg allereie til neste blokk som kjem i starten av juni.

mai 26, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | Éin kommentar