Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Vennskapsteppet

Etter mykje om og men har eg fått sydd ferdig vennskapsteppet mitt. Det starta på Hobbyboden i mai i fjor. Eg meldte meg på og kom på eit lag med 8 andre damer. Vi sydde lappar og sendte til kvarandre. Til slutt hadde eg fått 8 lappar, og så skulle eg lage ein sjølv før eg skulle sy alt saman til eit teppe.

img_1340 

Lappen i midten har eg laga. Den har fått namna til alle som er med på teppet. Nokre hadde sendt med merkelappar, medan andre sydde eg sjølv.

img_1342

Om du klikkar på kategorien Vennskapsteppe til høgre i margen her, kjem alle innlegga eg har hatt om vennskapsteppet tidlegare. Der kan du sjå nærbilete av alle blokkene, og bilete av alle blokkene eg har laga og sendt til dei andre medlemmene på laget mitt.

GOD PÅSKE!

Advertisements

april 6, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm, Vennskapsteppe | 2 kommentarar

La Rose og Tildas hus

                                        

I går fekk eg omsider somla meg til å kjøpe stoff til mellomverket til vennskapsteppet mitt. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha lyst mellomverk, men etter kommentarer og tips på dette innlegget skjønte eg at eg nok burde ha litt meir farge på mellomverket. Takk for gode forslag! 🙂 No er stoffet vaska og klart til at eg kan begynde å skjære i det.

  

Det var ikkje berre stoff å få kjøpt i butikken. Eg har ikkje vore så oppteken av Tilda tidlegare, men i butikken hang ein ferdigsydd modell av veggbildet på det høgre biletet. Veggbildet var såpass lekkert at eg måtte forhøyre meg litt om mønsteret…….plutselig var boka betalt…..

I boka var det massevis av lekre dippedutter som eg kan sy til huset og som små gaver til venner og bekjente. Eg kjem heilt sikkert tilbake med saker eg har laga ut frå boka.

                                                

I Quiltemagasinet 2/2008 fann eg mønstere på denne løparen. Det er AnnAKa som har designa den. Har lenge tenkt at det var på tide å sy noko nytt til stovebordet, og denne løparen var faktisk midt i blinken.

                                      

I mønsteret  er teksten trykt med stoffarge. Stoffarge har eg aldri prøvd, og eg hadde difor ingenting å farge med. Derimot hadde eg ein del rester av gammal broderitråd, og sidan eg for tida har styra med stitchery, så valgte eg å brodere teksten i staden.  I det breie lyse feltet under teksten skulle det være ein kroklisse. Av mangel på kroklisse, sydde eg på ein blondekant.

september 28, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | , , | 3 kommentarar

Vennskapsteppe på vent

 

Sånn ser mitt bidrag til vennskapsteppet ut. Nokre av dei som har sydd lappar har ferdigsydde navnelappar som dei har sendt med, og nokre har sydd navnelapp for hand. Eg hadde lyst å ha navnet på alle deltakarane på teppet, og syntest det var dumt å skjule navna på baksida. Difor valde eg å lage navnelappar til dei som mangla, og sydde dei litt sånn på kryss og tvers på min lappe.

Her heng alle lappane på veggen på hobbyrommet. Eg har ikkje nok stoff til å lage mellomverk på dei, så eg må nok ut på shopping. Problemet er at eg ikkje klarar å bestemme meg for korleis eg vil at mellomverket skal være. Tenkte først på å ha eit lyst stoff, men det er mulig at lappane kjem betre til sin rett om eg har litt meir farge. Mulig det blir rosa…..eller kanskje grønt…..eller….

september 21, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | 8 kommentarar

Vennskapsblokk i posten

Denne lappen har Limola sydd til meg. Riktig søt var den!

Pedora har laga denne. Eg trur dette må være 4 trådsneller. Det var artig med den rosa firkanten på kvar av snellene. Den er sydd slik at den ligg utanpå, og gjev difor ein tredimensjonal effekt.

Då har altså mottat alle lappane til vennskapsteppet, så no kan eg kan sy saman lappane til eit lite teppe. Før eg kan sy dei saman, må eg lage lapp nr 9 sjølv. Det blir nok litt spekulasjon før eg finn ut korleis den skal være, og korleis alle lappane skal syast saman.

august 27, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | | 4 kommentarar

Har sydd ferdig lappane til vennskapsteppet

For litt sidan sendte eg avgarde dei 4 siste lappane eg skulle sy til vennskapsteppet. Eg var litt seint ute med julilappane mine, så når eg berre fekk setje meg ned på syrommet, tok eg likså godt både juli- og augustlappar.  

 Denne fekk Adriane.

 Denne har Linole fått.

 Denne har Celina fått.

 Og til slutt ein lapp til Pedora.

No er det berre å vente på resten av lappane eg skal få, så skal eg sy ein lapp sjølv som skal monterast i lag med dei. Det blir nok ei utfordring å setje saman lappane til eit teppe, men eg gledar meg virkelig til å sjå det ferdig.

august 16, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | 3 kommentarar

Ny vennskapslapp

Her er det nyaste tilskotet til vennskapsteppet mitt. Nydelig lapp frå Rita R låg i postkassa i dag. Den passar perfekt til lappane eg har fått tidlegare.

august 14, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | | Éin kommentar

Nye vennskapsblokker

No er det lenge sidan eg har skrive i bloggen. Det er ferietid, og vi har vore på vår årlege ferietur. Denne gong i lånt bobil gjennom svenske skogar. PC’en var med, men eg trur faktisk ikkje eg åpna lokket på den ein einaste gong.

Det første postmannen kom med etter at eg kom heim, var to nye blokker til vennskapsteppet mitt.Denne blomsten har Lillesnuppa sydd. Det grønne stoffet med rosa blomster var skikkelig lekkert.

 Jammen kom der ein blomsterlapp frå Mormor også. Artig med blomster i korga.

Skikkelig flotte lappar frå begge to!

Sjølv ligg eg litt på etterskot med mine lappar, så om det no vert dårleg veir resten av ferien min, blir det nok sydd både lappar og anna, tenkjer eg.

august 2, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | , | Kommenter innlegget

Vennskapslappane for juni er sendt

I forrige veke kom det nokre dagar med mindre pent veir. Det passa supert, for då kunne eg sitje inne og sy med god samvittigheit. Det første eg kasta meg over då var dei to lappane eg skulle sy til vennskapsteppet denne månaden.

 Denne har eg sendt til Mormor, som ynskte seg lappar i turkise og bruntonar. Sidan eg er litt i stiching modus for tida, fekk begge lappane ei midtblokk med eit lite kattestichery.

 Lillesnuppa ynskte seg lappar i fargane brunt opp mot lyst.

Trekantane på kvar side av sticherylappen er laga av kvadrat som er bretta 4 gonger, og sydd diagonalt på lappen før bakstykkestoffet er sydd på. Det vart ein tøff tredimensjonal effekt. Teknikken er ny for meg, men eg syntest den var såpass artig at slike trekantar kan det godt hende eg kjem til å nytte som effekt på både det eine og det andre prosjektet heretter.

juni 16, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | Kommenter innlegget

Mai og juniblokk til vennskapsteppet

 Dette er maiblokka frå Celina. Den er fletta i nokre aldeles nydeige silkeband.

 Denne blokka er frå Linole. Den observante lesar vil kanskje lure på om eg har fått to blokker av henne, men den blå blokka eg fekk i mai var feilsendt, og skulle altså ikkje til meg. Eg stussa jo litt på at eg fekk ein blå lapp, men den var jo så søt at det falt meg ikkje inn å klage. Når feilen vart oppdaga, så er eg likevel glad eg har fått den rette blokka, den vil passe så mykje betre inn i teppet mitt. Sjå på den blå lappen eg fekk først. Den er sydd på akkurat samme måte, men ved at det er brukt andre fargar, så blir blokkene heilt ulike. 

juni 8, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | Éin kommentar

Den andre maiblokka er komen

Denne flotte lappen kom frå Linole I går. Spennande å sjå kor ulike lappane er 🙂

No er mai straks over, og eg kan begynde å vente på junilappane. Jammen går tida fort når ein har det kjekt!

mai 29, 2008 Posted by | Lappeteknikk, Vennskapsteppe | Éin kommentar