Ullboxer frå ullgenser
Det er mykje moro ein kan lage med gamle saker og ei symaskin eller to. Her har eg ei Devoll ullskjorte som ungane har vokse frå. Den var så pent brukt at det var for gale å kvitte seg med den. Tanken er at det skal bli ein overnattingsboxer til ein som driv og søv ute i friluft innimellom.
Stikken i livet er frå ein gammal, kassert boxer.
Nederst har eg sydd på oppbrettkantane som avslutning, men det vart for lite elastisk, så det må av igjen.
Vårjakke
Eg har jammen meg gløymt å vise dåkke vårjakka mi… Bilda er tatt ein gufsen og kald vårdag.
Den er sydd etter samme mønster som kåpa eg sydde i haust, men den er kortare. Eg har også laga kragen litt mindre.
Mønsteret er frå Ottobre 5/2010 og stoffet er frå Fabric.com
Jakka er fora med Thermo isolering frå Stoff og Stil. Det er rygg og front som er fora med thermovlies. Eg kjenner godt forskjell på denne jakka og på kåpa eg sydde tidlegare. Den er ikkje ekstra fora, og det gjer at vinden trekkjer gjennom. Det er virkelig deilig med det ekstra isolerande laget.
Det fine med å lage to jakker etter samme mønster er at eg har fått meir orden på detaljar som ikkje vart så bra sist. Erfaringane mine med å sy klede er foreløpig litt spinkle, men eg lærer stadig nye ting.
Fargerik flaggermustopp
Ein ny variant av flaggermusgensaren såg dagens lys for litt sidan. Vi vart invitert i bursdagsselskap til ei tenåringsjente, og kva i alle dagar finn ein på til gåve då?? Etter ei kjapp rekognoseringsrunde på hobbyrommet, fann eg eit stoff som ville passe perfekt til ein flaggermusgensar. Stoffet kjem frå Stofstedet.dk, ein dansk nettbutikk med fantastisk utval i metervarer.
Mønsteret var trykt litt sånn tilfeldig, og i ulike retningar, så det var ikkje heilt enkelt å bestemme seg for kva som skulle være opp og ned på plagget.
Med armane ut, ser ein den artige flaggermusaktige forma. Før delane er sydd saman, ser det nesten ut som om dei er klipt rett, men så dradd i diagonal retning, slik at delane er skeive. Når plagget er sydd, blir effekten at det ser ut som om plagget er kledd litt tilfeldig på. Eg trur dette var ein effekt som tiltalte ungdommane – det skal være litt pent, men skal likevel sjå tilfeldig ut.
Mønseteret er frå Stoff og stil
Sommarlett kveldsantrekk
Det er vel så smått på tide å tenkje på sommarantrekka – ialle fall viss ein skal lage dei sjølv…
Denne kjolen er sydd av silke chiffong frå Stoff og stil. Mønsteret er Kjole 23037 frå samme butikk.
Under kjolen er det ein tights og topp i matchande farge er sydd av viscose jersey.
Silkechiffongen er eit utruleg tynt og «levande» stoff, men ved hjelp av den nye overlockmaskina, gjekk syinga som ein leik! Ikkje noko problem å lage ein søt liten rullekant nederst på kjolen.
Mitt første overlockplagg
Eg har bestemt meg for å kjøpe ei overlockmaskin. Det store problemet er å bestemme seg for kva ein skal kjøpe. det er første gong eg har sydd på ei slik maskin, så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter når eg skal handle. Difor driv eg no og skal sjå på og prøve litt ulike maskiner.
Tidlegare i veka fekk eg låne ei Babylock Evolve, og det har no resultert i flaggermusgenser i viskose jersey frå Stoff og stil.
Maskina var utruleg god å sy på, kjempelett å tre, og den stiller trådspenninga sjølv. Det siste er sikkert ikkje dumt, i og med at der gjerne er fire ulike trådar i kvar søm.
Eg kjem ikkje til å kjøpe denne maskina, den er for stor og dyr – derimot finst der ei maskin som er hakket mindre som fristar godt…..ja, ja, først skal eg sjekke ut litt betre kva som finst på marknaden
Moro med nålefiltemaskin
Lappeklubben er så heldige å være eigarar av ei nålefiltemaskin. Maskina er ei gåve frå Siv, ei av damene på butikken En rød tråd. Som materialforvaltar i klubben er det eg som er så heldig å få ha maskina i hus når den ikkje er til utlån hjå medlemmene våre.
No har eg leika meg litt med maskina, og resultatet var dette skjørtet
Skjørtet er sydd av samme ullstoff som kåpa eg sydde tidlegare. Eg er alltid redd for å få for lite stoff når eg bestiller, og det gjer at det ofte er nok til å sy eit plagg til…eller to….
Foret i skjørtet er ein del av restane etter ein mammakjole eg sydde for snart 12 år sidan…..
Kåre sjekkar at ullen er av ypperste kvalitet.
Nålefiltemaskina fungerer ved at fem nåler med mothakar går gjennom stoff og filtemateriale mange gonger og på denne måten filtar saman materiala. Eg la ein ulltråd med glitter i på stoffet, og trykte på pedalen, slik at nålene gjekk ned og opp nokre gonger, berre slik at tråden vart lett festa til underlaget. På denne måten filta eg fast ulltråden i det mønsteret eg ynskte. Når heile tråden var lett festa, og eg var fornøygd med mønsteret, filta eg over heile tråden på nytt, slik at materiala til slutt heng saman som eit materiale.
Eg prøvde først å nåle fast heile tråden før eg byrja å filte, men den forflytta seg gjerne litt undervegs, så eg fann ut at det var greiast å legge tråden på plass etter kvart som eg filta.
Denne teknikken var virkelig artig, og det er nesten ikkje grenser for kva ein kan filte på. Eg prøvde å filte trådrestar på dongeristoff, og dette gjekk heilt fint. Kanskje eit tips til korleis ein kan fiffe opp den kjedelige dongeribuksa si 🙂
På tide med nye vinterklede
No har utvilsomt vinteren kome vestlandet. Ute ligg der eit tynt lag snø, og det er meldt kaldt veir i dagane framover. Då er det godt å vete at eg endelig har fått ferdig vinterkåpa mi.
Det er lenge sidan eg har sydd klede til meg sjølv, så mykje har gått i gløymeboka. Det vart litt prøving og feiling, men desto meir glad blir eg når eg får det til.
Kåpa er sydd etter mønster frå Ottobre nr 5/2010. Stoffet er bestilt frå Fabric.com.
Bak er kåpa heilt enkel. Opprinnelig skulle der være ein stolpe med to knappar i ryggen, men eg tykte det vart for mykje dill, så den droppa eg.
Eg streva litt med å få den fin langs kanten nede, så då måtte eg tilkalle kyndig hjelp for å hjelpe meg å få den pent lagt opp. Jammen greit å ha «syvenner» som kan stille opp på kort varsel 🙂
Kragen er stor, det er visst sånn det skal være i år. Eg vurderte om eg skulle lage den mindre, men kom fram til at det kanskje var litt stilig med stor krage.
Lommene er sydd inn i saumane, og er plassert litt fram på jakka. Litt uvant at dei ikkje er sydd inn i sidesaumane, men i grunn ein stilig detalj dette også.
Det som skulle by på dei største problema var faktisk å skaffe rett sort vlieselin. Den eine sorten (F220) var det ingen forhandlarar eg har snakka med som kjendte til. Det endte med at eg brukte det eg hadde i skapet frå før. Når kåpa er ferdig, ser eg at eg skulle hatt meir støtte i kragen, så eg antar at den vlieselinen eg ikkje fekk tak i skulle være ein ekstra stødig variant.
Dette gav meirsmak, så det blir nok meir sying av klede framover 🙂
Blåtur med lappeklubben
I går arrangerte NLQ blåtur. Turen gjekk til Kråkenes og Kråkenesfjellet. Her ser du underteikna på toppen av fjellet med utsikt over Kråkenes. For den som lurar på kor fyret er, så er det altså bakom den vesle fjellknausen øverst i bildet. Veiret var heilt fantastisk, med sol og varme. Det vesle som var av vind var akkurat nok til at vi ikkje såg ein einaste mygg 🙂 .
Derimot såg vi ei ørn. Har desverre for dårlig kamera til at eg fekk zooma inn. Om ikkje du klarar å sjå ørnen, så kan du nyte den blå himmelen, om ikkje anna 😉 .
Som seg hør og bør på ein blåtur ved havet, var det reker på menyen. Rekene vart servert i det vesle skulehuset på Kråkenes. Turen var ein kjekk start på neste sesong i lappeklubben. Eg kjenner at eg gler meg til å komme i gang igjen. Første tirsdagen i månaden er liksom høgdepunktet i månaden, for det er då lappeklubben treffest.
Alle fekk trekke seg ein liten pakke frå korga til Ingun. Det var 4 stoff i kvar pakke. Det var ulike stoff i pakkane, men dei likna på kvarandre. Det fulgte forpliktelsar med denne gåva. Vi skal sy kvar sin ting som skal være inspirert av denne blåturen. Eg er så dårleg på å finne på ting sjølv, så det vert nok ein del grubling før eg finn ut korleis eg skal bruke dei…..
I helga var vi i bursdag til ei søt lita jente som eg er tante til. I presang fekk ho denne kjolen. Den er sydd etter mønster eg fann i eit gammalt Ottobre blad. Desverre viser ikkje bildet så godt detaljane, eg burde visst tatt nærbilder av lommene. Lommene var no eit kapittel for seg. Dei er sydd saman av to deler, der den eine delen vart falda inn. Ganske pene lommer, forresten. Då kjolen var ferdig sydd, held eg den opp framfor meg for å beundre mesterverket….og kva trur du eg ser då?? Lommene er sydd på baksida av kjolen.. Det kom nok nokre gloser eg ikkje skal gjenta, medan eg leita etter sprettekniven i skuffa mi 😉 .