Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hjerter i fleng

Ein smule treg med blogginga for tida…. Dette er altså prosjektet eg laga til Lille Rosin kalender sin kalender for februar. Det er ein søt liten pung, forma som eit hjerte.        

Mønsteret finn du her hjå The purl bee. Eit enkelt og kjekt lite prosjekt som blir ferdig i ein fei 🙂

Glidelåsen vart sydd i på ein litt spesiell måte, som eg ikkje har prøvd før. Om du klikkar på linken til mønsteret, så er der ein fin tutorial.

Hanken fekk ei rad søte, rosa hjerter brodert med maskin.

Reklame

april 5, 2011 Posted by | Lille Rosin kalender 2011, Søm, vesker | Kommenter innlegget

UFO-jakt

Visyr.no har ein UFO-konkurranse på gang for tida. I hobbyverden er ein UFO definert som eit UFerdig Objekt, noko dei fleste eg kjenner i bransjen har opptil fleire stk av til ein kvar tid.

Eg har meldt meg på med to prosjekt.

Det eine er denne løparen som eg starta på i fjor i romjula, fordi eg trengte noko å legge på den lange skjenken min når juleløparen skulle pakkast vekk. Den er sett saman av lyse stoff, og mange av dei er småbitar frå restekassa.

Sånn vart det ferdige resultatet. Heilt enkel og grei løpar utan særleg dekor. Denne skjenken er vanlegvis overfylt av plantar, og det eg trengte var difor ein nøytral løpar.

Også lukkekantane er sett saman av passande restestoff. Løparen er quilta «in the ditch», altså i «grøfta» mellom lappane.

Prosjekt nr 2 er ei handleveske som var tema på eit medlemsmøte i NLQ, for lenge, lenge sidan.

Slik vart det altså liggjande, delvis klipt og sydd, og eigentleg nesten ferdig….

Yttersida har form som eit hjerte.

Inni hjertet finn ein altså handleveska

Vår ein brettar ut veska blir den slik.

januar 25, 2011 Posted by | Lappeteknikk, Løpar/duk, Søm, vesker | Éin kommentar

Eg kastar meg på handlenenett trenden

Septemberoppgåva til Lille Rosin på Hobbyboden vart eit handlenett i romantisk stoff.

Viss du får lyst å lage eit sjølv, finn du ei enkel rettleiing på korleis du syr handlenett i bloggen Bare prat

 

Nettet vart retteleg søtt, så no gjeld det berre å hugse å ta det med seg når ein skal handle 😉

 

september 29, 2010 Posted by | Diverse, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, vesker | , | Kommenter innlegget

Firkantvesker

Lappeklipp si firkantveske var ei av april oppgåvene i kalenderen til Lille Rosin.  Eit artig mønster som berre måtte prøvast.  Eg laga to vesker når eg først var i siget.

Rutene eg brukte er 5×5 inch og er skorne ut av restane av nokre gamle dongeribukser som eg samla til eit prosjekt tidlegare. Kvar veske fekk to ruter med mønster på, slik at det skulle bli litt meir liv.

.

Eg hadde berre knapp til eine veska, så på denne fekk ein avdanka øyredobb gjere nytta. Det er eit gullfarga snøre som fungerer som lukkemekanisme.

To baklommer i kvar veske til innerlommer. Ein liten karabinkrok til å feste ting og tang i på innsida av veska vart festa til lommene.

Audå…når eg ser biletet no, så ser eg at symaskina har dratt ned og floka quiltetråden, dette burde vel ikkje visast offentleg ?? *rødme*

mai 1, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, vesker | 2 kommentarar

Trekantpunger

Her er første bidraget til februar månad i Lille Rosin sin kalender for 2010. Det var fleire oppgåver å velje mellom, og eg har bestemt meg for å lage trekantpungar og ei hekla korg. Korga har eg ikkje begynt på enno, det får bli tv-kikke-prosjekt.

Eg har berre nytta stoff frå restekorga mi. Blomstrane har eg klipt ut av eit stoff og stroke på med vlieselin, og deretter quilta rundt kantane på dei med stoppefoten. Når pungane var ferdige, tykte eg dei var litt kjedelige.  Boksen med perler vart leita fram, og det gjorde virkelig susen.

Om du studerer detaljbiletet under, ser du at den eine pungen er quilta små blomster på. Ikkje heilt lett å sjå, sidan tråden eg har brukt er nesten samme farge som stoffet.

februar 9, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Lille Rosin sin kalender2010, Søm, toalettveske, vesker | 5 kommentarar

Gjenbruk er kjekt

I går hadde eg eit godt innfall av kreativitet, og då er det jammen kjekt å sy. Tida går innmari fort, og for min del kan i grunn verden segle sin eigen sjø……

IMG_3655

I lengre tid har denne gensaren lagt på hobbyrommet. Den var i sin tid favorittgensaren min, så eg klarte aldri kaste den. Eg vart ståande å sjå litt på den i går, og så ruska eg litt rundt nedi skuffene mine, og der hadde eg jammen eit par bambushandtak – og vips, så var eg i gang……

IMG_3657

…..og etter nokre timar var gensaren blitt til ei artig lita veske 🙂 . Ei lita niese som hadde bursdag fekk den i presang, eg kan tenke meg at den kan være akkurat passelig til alle sånne små dippeduttar som ei lita snuppe har med seg på tur.

IMG_3658

Anhenget har eg hatt liggande lenge, i påvente av det rette prosjektet. Tanken var å hekte det rett på veska, men det vart alt for tungt for den vesle veska. Ved hjelp av ei lita tang fekk eg benda ut metallet og plukka av dei lettaste delane, og då vart det igrunn heilt perfekt.

For øvrig er det sok frå skyfri himmel i dag – svært sjeldant syn for tida!

GOD HELG!

oktober 10, 2009 Posted by | Gjenbruk, Handarbeid, Lappeteknikk, Søm, vesker | 6 kommentarar