Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hjertelue

Her er novemberbidraget mitt til Lille Rosin sin kalender 2010.

Mønsteret heiter Hjertelig hilsen vintersett . Eg har gjordt  nokre små endringar på hua, for at den skal passe betre til garnet eg har brukt.

Garnet heiter MITU alpakka ull og er frå Rauma Ullvarefabrikk. Garnet er deilig å strikke med, og skal strikkast med pinne 3,5-4. Eg har brukt p4 her. Det blir ei tjukk og god lue, og den er utruleg mjuk og god.

Reklame

desember 1, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 2 kommentarar

Wollmeisehanskar til gutar

Ungane merkar også at det går mot haust ute, så guttungen har hatt inne bestilling på eit par heimestrikka hanskar. Eg fann ut at han måtte få litt meir «mandige» hanskar enn eg har hatt på pinnane tidlegare.

Hanskane er ein variant av Knotty hanskane eg strikka tidlegare, men i staden for fletter, har eg berre latt deler av vrangborda oppå handa gå lenger fram enn på undersida.  Dersom du vil strikke desse, finn du mønsteret her (Ravelrylenke). I skrivande stund er ikkje mønsteret heilt ferdig skrive, men det blir fullført så snart eg finn ledig tid.

 

Hanskane er sjølvsagt strikka i mitt favorittgarn, Wollmeise. Hanskane er strikka på pinne nr 2, så det er ikkje gjordt på ein kveld å strikke eit par av desse.

Pusen Kåre har godkjendt hanskane også. Mjuke og deilie å kose med 🙂

Hanskane er ein del av  Lille Rosin sin Hobbybodkalender for oktober. Der var fleire oppgåver som høva bra, så eg har allereie eit nytt prosjekt på pinnane.

 

 

 

oktober 18, 2010 Posted by | Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Strikking, Wollmeise | 4 kommentarar

Knotty hanskar

I dag har vi virkelig kjent at hausten er i ferd med å  feste grepet her. Temperaturen har vore ganske så grei, men innimellom har vinden røska godt i trekronene rundt om her. Gule blad flaksar rundt øyrene med ein gong ein stikk nasa utom døra.

Det er kanskje ikkje så rart at det etter kvart handlar mykje om vinterførebuingar på hobbyfronten. For tida er det hanskar som er på pinnane. Det skal strikkast hanskar både som gåver og for å stette familien sitt behov for varme fingrar gjennom vinteren.

Fyrste par ut er desse Knotty hanskane som er designa av Julia Mueller.

Eg er litt usikker på om eg er fornøygd med passforma, men hanskane ser jo lekre ut likevel. På pinnane no er det enno eit par Knotty hanskar, men det blir nok gjordt nokre endringar på det paret for at dei skal sitje litt betre på hendene.

Garnet er Wollmeise sock yarn.

Ta ein kikk innom bloggen til designaren for å sjå fleire lekre hanskemodellar.

september 13, 2010 Posted by | Strikking, Wollmeise | Éin kommentar

Lilla tunika i Sandnes garn

I fjor haust falt eg heilt for ein tunica eg såg bilete av i Familien, men det vart ikkje til at eg starta på den før ferien tok til.

Gensaren var designa av Gerd Auestad og strikka i Sandnes mini duett. Garnet er 55% bomull og 45% ull, så denne blir lun og god utover hausten. Tunikaen er strikka på pinnar nr 2,5.

Eg bytta ut fargane, så i staden for brun, vart det lilla kjole. Kvikke, fine fargar, som er til å bli i godt humør av 🙂

Dei lilla skoa kom eg over på salg i Tyskland, og tenkte at desse var eg berre nødt til å ha til kjolen min. Det manglar visst matchande leggvarmarar, ser eg…..

På pinnane er eit par hanskar som strikkast i Wollmeise, men dei kjem eg heilt sikkert tilbake til ein annan gong 😉

Rundfellinga gav kjolen ei fin passform.

Sjølv om kjolen var enkel å strikke har det tatt tid. Når halve kjolen var ferdig, fann eg ut at den var alt for stor – og då var det berre å rekke opp. Det har visst begynt å bli ein vane å rekke opp og strikke alt nesten to gonger før eg er fornøygd.

august 30, 2010 Posted by | Handarbeid, Strikking | 7 kommentarar

Olive igjen

Oliven som eg strikka i Wollmeise til meg sjølv for litt sidan, var så utruleg deilig å ha på seg, at eg måtte lage ein til. Denne gongen er det dottera som er den heldige. Botnfargen gav seg sjølv, for det var den fargen eg hadde nok av, men kontrastfargen har ho sjølv valgt. Ikkje lett å finne nok av dei rette fargane når garnet er så tungvindt å få tak i som dette, men desse to var flotte i lag 🙂

Eigaren er på ferie, så det blir desverre berre kleshengarbilete denne gongen.

Eg veit ikkje om andre garntypar som har så flotte fargar, så eg er stadig på jakt etter meir garn. I tillegg til dei flotte fargane, så er garnet deilig å strikke med, og plagget er kjempegodt å ha på seg.

Kven skulle tru at eit ullplagg skulle bli min store favoritt denne sommaren? Varmer når det er kjølig ute, og kjøler når det er varmt. På våre kantar har sommaren vore så pass fuktig, at det nesten har vore eit must å ha klede som tåler å bli våte.

juli 21, 2010 Posted by | Strikking, Wollmeise | 8 kommentarar

Olive

I det siste har det vore Olive av Helga Isager som har vore på pinnane.  Eigentleg skal armane vere trekvart lange, men sidan eg er optimistisk av meg satsar eg på at eg treng ein sommarleg variant i tida framover 😉

Denne var faktisk veldig kjekk å strikke. Den egnar seg veldig godt til ferjestrikk, tvstrikk eller når ein skal prøve å være sosial samtidig som ein strikkar. Stort sett rette masker, så arbeidet går fort framover i tillegg. 

Eg starta nederst på halsringinga og strikka oppover. Deretter tok eg opp masker nederst på halsringinga og strikka nedover, så eigentleg er gensaren litt bakvendt å strikke i forhold framgangsmåten ein vanlegvis nyttar.

På bildet under ser du fargane betre. Den er strikka i Wollmeise Lavendel og Campari orange. Ein skikkelig frisk fargekombinasjon. Eg synest nesten at humøret steig med ein gong eg fekk plagget på meg, om det var dei friske fargane eller berre det faktum at eg endelig er ferdig med eit  plagg til meg sjølv veit eg faktisk ikkje.

Ungane har vore så snille å hjelpe meg å nøste opp eit par nøster til, så no skal eg sette meg og legge opp til ein ny Olive. Den skal dottera få. Ho har bestilt ein litt lenger modell, slik at den kan brukast som tunika.

juni 24, 2010 Posted by | Strikking, Wollmeise | 7 kommentarar

Varm speiderdrakt

Speidarguten har omsider fått heile strikkadrakta si ferdig. Eg trur han var redd den ikkje skulle bli ferdig til NM.

Genseren er strikka av Falk frå Dalegarn, medan buksa er strikka av Juvel frå Idena (Schachenmayr).  Grunnen til at eg har nytta ulikt garn er så enkel som at det var tomt for Falk då eg skulle til på buksa. Vi tok sjangsen på Juvel i staden, og ved første augekast ser ein ikkje at buksa og genseren er strikka av ulikt garn.  Juvel ser litt grovare ut når, og var litt mindre behagelig å strikke av enn Falk, men alt i alt var der ikkje store forskjellen på dei. Fargemessig var det jo full klaff 🙂

Til og med matchande ullsokkar har han.

Buksa er litt stor, fordi han ynskjer å kunne ha noko under på kalde dagar. I livet er det strikk, slik at den skal holde godt, sjølv om den er litt stor. Desverre hadde eg ikkje svart strikk, så strikken skiljer seg litt for mykje ut. Det skal fixast på så snart eg får kloa i svart strikk.

Selvfølgelig skal der være merker på gensaren. Alle merker som er til overs skal få plass her. Foreløpig er det berre to, men han satsar på at det etter kvart skal bli mange. Når han har fått 5 merker på speiderskjorta skal dei erstattast med ei snor. Då skal også desse merka på gensaren.

mai 24, 2010 Posted by | Handarbeid, Strikking | 6 kommentarar

På’an igjen

Sidan eg synest strikking er kjekt, har eg lova å strikke bukse som matchar speidargensaren eg laga for litt sidan.  Det er ikkje like kjekt når eg må strikke samme ting to gonger.

Eg starta på «brokja» med friskt mot, og guttungen prøvde fleire gonger, og eg tenkte det skulle bli ganske så passelig, og litt å vokse i. Når eg starta på føtene, strikka eg vidare utan å måle før begge føtene rakk omlag ned til knea. Då var det prøving, og det viser seg då at buksa vert alt for stor 😦

På biletet har eg rekt opp eine foten, og det vesle arbeidet er den nye buksa eg har starta på.

Jada, det er berre å brette opp armane og gyve laus!

mai 8, 2010 Posted by | Strikking | Éin kommentar

Viktoriansk nakkevarmer

Eg falt for denne  Viktorianske halsen (link for den som er på Ravelry).

Garnet eg har brukt på denne er Wollmeise Merino Superwash. Fargen heiter Campari Orange, og er rett og slett berre lekker!

I det siste har eg trent meg litt å å strikke bakover. Ein kan kansje lure på kva som er vitsen med det – må vel være strikking for spesielt intresserte…. Halsen er strika ovanfrå og ned, men den siste kanten på ca 4-5 cm er strikka på tvers. Då kom det godt med å kunne strikke bakover, for då slapp eg å sitje å strikke 9 masker for så å  heile arbeidet  for å strikke maskene på vranga sånn ca 288 gonger.

På nærbiletet her ser ein den nederste kanten betre. Den ser nesten ut som ein blondekant. Eg streva lenge før eg fann ut korleis eg skulle strikke den. Eg trudde eg las mønsteret rett, så det skulle mykje prøving og feiling fann eg ut at eg gjorde feil. Når eg først skjønte det, så vart alt veldig logisk 🙂

Då er det berre å krysse fingrane for at det ikkje blir behov for denne halsen før til hausten.

april 27, 2010 Posted by | Handarbeid, Strikking, Wollmeise | 2 kommentarar

Hobbyaktivitetar i Praha

Denne veka har eg og far i huset vore på tur til Praha i lag med eit par vi kjenner. Praha viste seg på sitt beste for oss desse dagane. Vi kunne gå rundt i t-skjorte heile dagane, nesten eit lite temperatursjokk for oss etter denne vinteren.

Biletet over viser slottet i Praha, eit av dei mange imponerande byggverk i byen. Sidan dette er ein hobby- og hageblogg, skal eg styre unna noko lang reiseberetning. Sjå bloggen til Lena, ho har masse flotte bilder av turen.

Eg passa sjølvsagt på å nytte tida godt medan eg var på tur.  Her er vi på veg til Kutna Hora med minibuss. Turen tok ca 1 time og 20 min, så då var det godt å ha med noko å henge fingrane i. Med eit strikketøy i rettstrikk kan eg strikke, sjå på naturen og prate samstundes – eit skikkelig «Kindereggprosjekt» med andre ord.

Gensaren skal bli ein speidergenser til guttungen, og den må være ferdig til slutten av april, for då startar leirsesongen. Gensaren var nesten ferdig før Prahaturen, men den viste seg å bli litt i minste laget. Difor rekte eg opp heile og starta på nytt med samme maskeantall, men ein pinnestørrelse større. No ser det ut til at størrelsen blir heilt perfekt.

Reisefølget mitt hadde sjølvsagt også med seg eit prosjekt. Øl, strikking og skravling går veldig fint saman det også 😉 Her er det sokkar som er på pinnane, og selvfølgelig strikkast det også her i eit «skravlevennlig» mønster.

mars 28, 2010 Posted by | Diverse, Strikking | Éin kommentar