Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Baktusskjerf med fluff

Så var det tid for det første marsprosjektet i Lille rosin sin kalender for februar. Der var fleire spennande saker å velge mellom, så det kjem nok fleire postar om temaet snart.

Dette skjerfet er laga av eit garn som heiter Cash Sock frå Gepard. Eit Italiensk garn som består av 6% Kasmir, 69% ull og 25% akryl. I følge produsenten skal det være eit sterkt strømpegarn.  Garnet er kjøpt hjå ein av dei lokale forhandlarane her. 

Mønsteret er henta frå Hedvig sin blogg. Eigentleg skulle det være ferdig når eg hadde strikka det rosa, men eg syntest det vart skrekkelig kjedelig, så eg strikka ein fluffy kant rundt. Kanten er strikka i Funny frå Sandnes garn som er eit garn av 100% akryl

Cash Sock er eit mjukt og deilig garn, som i følge produsenten skal være eit sterkt sokkegarn.

mars 7, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | Kommenter innlegget

Deilige meisesokkar

I det siste har eg strikka ullsokkar på pinne 2,5. Det har tatt litt lenger tid enn det brukar å gjere når eg strikkar ullsokkar, men det var vel verdt arbeidet!

Garnet heiter Wollmeise, og kjem frå denne butikken i Tyskland.Det er ikkje enkelt å få tak på garnet, og det er i grunn ganske så dyrt. Nettbutikken blir oppdatert fredag morgon og dei fleste laurdag ettermiddagar, og då gjeld det å sitje klar med pc’en og vente, for det er gjerne utsolgt på fem minutt.

Grunnen til at eg likevel gidd å jakte på garnet er at det er utruleg deilig å strikke med. Det kjennast ut som bommull, men det er ull. Garnet er naturfarga og det har klare og flotte fargar.  Eg held på å lage meg eit lite garnlager, slik at eg har litt ulikt å velge i til massevis av prosjekt som står i kø her. Flette og holmønster kjem like klart og fint fram som om ein skulle strikka med bommullsgarn. Eg har funne oppskrifter på massevis av lekre sokkar strikka i dette garnet. For dei som er på Ravelry finst der masse lekkert om ein søkjer på Wollmeise .

Dette biletet skulle liksom vise at sokkane er strikka med forsterka hel, men det visest visst ikkje så godt.

Mønsteret på sokkane heiter Wenche og er henta frå heftet Mauds hjerte som Ellinor Kvammen (Ronille) gav ut i fjor.

Eller skin sola her fortsatt, og det er nyyydelig vinterveir! Ha ein fortsatt fin søndag!

februar 21, 2010 Posted by | Strikking | 4 kommentarar

Claudiahue

I kuldeperioden vi hadde for litt sidan meldte behovet for gode huer seg for heile familien. I utgangspunktet skulle det bli ei hue til far i huset, men når eg fulgte oppskrifta, så vart den for lita til han. Guttungen var svært fornøygd med det, for han likte hua, og i tillegg gjekk det an å ha den under hjelmen når han syklar. Dermed hadde han forbarma seg over den litt for små hua. Då var det berre å setje seg til å rekne for å finne ut kor mange masker eg måtte legge opp for å få ei større hue, så far ikkje skulle fryse på øyra.

Ein flettekant nederst erstattar den tradisjonelle vrangborda. på lua

Fellinga dannar eit stilig spiralmønster på toppen av hua.

Eg har strikka i Sterk frå Du store alpakka, eit deilig, mjukt alpakkagarn som ikkje klør.

Om du er medlem på Ravelry, finn du mønsteret her.

januar 19, 2010 Posted by | Strikking | 4 kommentarar

Hello kitty pulsvarmarar

Var ikkje desse Hello Kitty pulsvarmarane søte? Desse er eit resultat av Lille rosin sin kalender for 2010 på Hobbyboden. Eg fekk eit tips frå MariannS om desse søte sakene, og då kunne eg rett og slett ikkje motstå fristelsen til å melde meg på kalenderen. Lett påvirkelig? Eg, nei…. Eh…eg ser forresten at Mariann har lagt ut mønster på piratpulsvarmarar…….

Pulsvarmarane er strikka av restegarn. Det rosa er Toppull frå Sandnes garn. Resten av garnet var smårestar utan namn, så eg veit ikkje kva garn det er. Kjekt med slike søte små prosjekt der ein kan kvitte seg med litt av garnlageret. No er ikkje eg av dei som har størst garnlager, men eg slit med å kaste små restar, så det lageret eg har består av mykje smårestar som eg ikkje heilt veit korleis eg skal bruke.

januar 9, 2010 Posted by | Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 7 kommentarar

Romjulsstrikk

Hua på biletet er strikka etter samme mønster som denne hua frå Drops design. Hanskane tilhøyrer lua. Hua har ei kjempefin passform, og er utruleg god å ha på seg. Alt  er strikka i Sterk fra Du store alpakka. Garnet er mjukt og godt å strikke i, og det er kjempedeilig å ha på seg. Varmt og godt, uten å klø.

Lua er i grunn kul sett ovanifrå også.

Detaljer frå lua.

Hanskane tok såpass mykje tid å strikke at eg var lei etter å ha strikka eit par. Då eg strikka den raude lua var planen at eg skulle strikke hanskane som høyrer til, men eg mangla garn. I mellomtida strikka eg dette lilla settet. Når eg fekk kjøpt garn til hanskane var eg såpass lei av flettingar at eg  i staden strikka hanskane på biletet under.

Mønsteret til desse er også henta frå Drops design. Alle fingrane utanom tommelen er uten tupp. I staden er det strikka ei «hette» som kan vippast over fingrane ved behov.

Dei ser i grunn litt kokko ut, men dei var faktisk gode å ha på seg.

I tuppen av hetta er det laga ei lita hempe, slik at hetta kan festast til ein knapp oppe på skaftet av hansken.

januar 3, 2010 Posted by | Strikking | 5 kommentarar

Uten navn

Flott jente, ikkje sant 😉 .

 Å sladde eit fjes slik at det blir pent, er slett ikkje enkelt. Teikning har, som dåkke ser aldri vore mi sterke side. Her er det ikkje teikneferdighetane mine som skal visast, men den nye hua. Det er denne hua frå Drops som er ferdig. Den er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Eit utruleg deilig og mjukt garn. Lua har massevis av flettingar, så det tok si tid å strikke den. Skal strikke hanskane som høyrer til, men både eg og butikken var tom for akkurat den fargen. Derimot hadde butikken ein lekker lilla farge i samme garn, så no er eg i gang med eit par lilla hanskar – og dei må vel ha ei lilla hue til, eller? Joda, det er snart advent, så det passar fint med lilla 🙂

GOD HELG, FOLKENS!

 

oktober 30, 2009 Posted by | Strikking | 5 kommentarar

Sokkar igjen

Det har gått i sokkestrikking for tida og her er det foreløpig siste paret. Det er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Har du lyst å lage eit par slike, kan du få tak i boka med mønster hjå forfattaren sjølv. Eg fann mi bok hjå den lokale garnforhandlaren, så det er sikkert mulig å finne den fleire plassar.

IMG_3701

No har eg gått over til luestrikking. Sjekk her, var ikkje denne hua kul? Har begynt å strikke den i garnet Sterk. Har  for lite garn til å strikke hanskane også, så det spørs om eg finn tak i meir garn i rett farge. Det var så mykje fletting i lua, at den sikkert ikkje blir ferdig før luesesongen er over 😉

oktober 16, 2009 Posted by | Handarbeid, Strikking | 5 kommentarar

Spiralsokkar

IMG_3493

Har visst fått meg ei ny dille, og det er sokkar det går i for tida.

Dette er Ronilles spiralsokkar strikka i Sterk , eit mjukt og deilig garn frå Du store alpakka.

oktober 3, 2009 Posted by | Strikking | 4 kommentarar

Strikkedilla

IMG_3417

Enno eit par av Tone M sine havskumsokkar.

IMG_3374 IMG_3419

Var på shopping hin dagen. Øverst i ei eske med varer som akkurat var komt i butikken, men ikkje lagt ut til sal enno, fann eg Ronille si strikkebok «Mauds hjerte». I tillegg fann eg garn spunne av melkefiber. Det har eg aldri høyrt om før. Det likna litt på bommull, men var mykje mjukare. Eg måtte berre……

Den lilla sokken eg har starta på er sokken «Mauds hjerte», det er den som har gjeve boka namnet sitt. Eg har streva fælt med denne. Den er strikka frå tåa og opp. Det var virkelig vanskelig å legge opp, men etter ørten forsøk fekk eg det til.  No strevar eg fælt med mønsteret. Uansett kor nøyen eg er når eg strikkar mønsterbordene, så er det noko som ikkje stemmer neste omgang….eg trur nesten eg blir gal 😦 .

IMG_3381

Tja…litt meir garn…..sokkar?  huer? hanskar?  Ikkje veit eg…. Eg måtte berre… 😉

september 15, 2009 Posted by | Handarbeid, Strikking | 4 kommentarar

Tone M sine Havskumsokkar

Eg har visst slått meg på strikkinga. Det går litt i bølger med kva som er kjekt å styre på med. Denne gongen er det ei gåve til meg sjølv. Eg er storforbrukar av tjukkelabbar. Dessuten er det på tide å fornye sokkegarderoba til familien, sidan hausten og vinteren heilt tydeleg er i anmarsj.

Dette er Tone M sine Havskumsokkar. Mønsteret finn du her

IMG_3354

IMG_3355 IMG_3361

Framsida ser ut som bølgeskvulp, og baksida er strikka ein vridd rett og ein vrang, slik at det blir eit lekkert stripemønster nedover sokken.   Stilige sokkar uansett kva vinkel ein ser dei frå 🙂

For dei av dåkke som er intressert i strikking, finn de bloggen hennar her, den er vel verdt eit besøk!

september 7, 2009 Posted by | Handarbeid, Strikking | 7 kommentarar