Wollmeisehanskar til gutar
Ungane merkar også at det går mot haust ute, så guttungen har hatt inne bestilling på eit par heimestrikka hanskar. Eg fann ut at han måtte få litt meir «mandige» hanskar enn eg har hatt på pinnane tidlegare.
Hanskane er ein variant av Knotty hanskane eg strikka tidlegare, men i staden for fletter, har eg berre latt deler av vrangborda oppå handa gå lenger fram enn på undersida. Dersom du vil strikke desse, finn du mønsteret her (Ravelrylenke). I skrivande stund er ikkje mønsteret heilt ferdig skrive, men det blir fullført så snart eg finn ledig tid.
Hanskane er sjølvsagt strikka i mitt favorittgarn, Wollmeise. Hanskane er strikka på pinne nr 2, så det er ikkje gjordt på ein kveld å strikke eit par av desse.
Pusen Kåre har godkjendt hanskane også. Mjuke og deilie å kose med 🙂
Hanskane er ein del av Lille Rosin sin Hobbybodkalender for oktober. Der var fleire oppgåver som høva bra, så eg har allereie eit nytt prosjekt på pinnane.
Knotty hanskar
I dag har vi virkelig kjent at hausten er i ferd med å feste grepet her. Temperaturen har vore ganske så grei, men innimellom har vinden røska godt i trekronene rundt om her. Gule blad flaksar rundt øyrene med ein gong ein stikk nasa utom døra.
Det er kanskje ikkje så rart at det etter kvart handlar mykje om vinterførebuingar på hobbyfronten. For tida er det hanskar som er på pinnane. Det skal strikkast hanskar både som gåver og for å stette familien sitt behov for varme fingrar gjennom vinteren.
Fyrste par ut er desse Knotty hanskane som er designa av Julia Mueller.
Eg er litt usikker på om eg er fornøygd med passforma, men hanskane ser jo lekre ut likevel. På pinnane no er det enno eit par Knotty hanskar, men det blir nok gjordt nokre endringar på det paret for at dei skal sitje litt betre på hendene.
Garnet er Wollmeise sock yarn.
Ta ein kikk innom bloggen til designaren for å sjå fleire lekre hanskemodellar.
Olive igjen
Oliven som eg strikka i Wollmeise til meg sjølv for litt sidan, var så utruleg deilig å ha på seg, at eg måtte lage ein til. Denne gongen er det dottera som er den heldige. Botnfargen gav seg sjølv, for det var den fargen eg hadde nok av, men kontrastfargen har ho sjølv valgt. Ikkje lett å finne nok av dei rette fargane når garnet er så tungvindt å få tak i som dette, men desse to var flotte i lag 🙂
Eigaren er på ferie, så det blir desverre berre kleshengarbilete denne gongen.
Eg veit ikkje om andre garntypar som har så flotte fargar, så eg er stadig på jakt etter meir garn. I tillegg til dei flotte fargane, så er garnet deilig å strikke med, og plagget er kjempegodt å ha på seg.
Kven skulle tru at eit ullplagg skulle bli min store favoritt denne sommaren? Varmer når det er kjølig ute, og kjøler når det er varmt. På våre kantar har sommaren vore så pass fuktig, at det nesten har vore eit must å ha klede som tåler å bli våte.
Olive
I det siste har det vore Olive av Helga Isager som har vore på pinnane. Eigentleg skal armane vere trekvart lange, men sidan eg er optimistisk av meg satsar eg på at eg treng ein sommarleg variant i tida framover 😉
Denne var faktisk veldig kjekk å strikke. Den egnar seg veldig godt til ferjestrikk, tvstrikk eller når ein skal prøve å være sosial samtidig som ein strikkar. Stort sett rette masker, så arbeidet går fort framover i tillegg.
Eg starta nederst på halsringinga og strikka oppover. Deretter tok eg opp masker nederst på halsringinga og strikka nedover, så eigentleg er gensaren litt bakvendt å strikke i forhold framgangsmåten ein vanlegvis nyttar.
På bildet under ser du fargane betre. Den er strikka i Wollmeise Lavendel og Campari orange. Ein skikkelig frisk fargekombinasjon. Eg synest nesten at humøret steig med ein gong eg fekk plagget på meg, om det var dei friske fargane eller berre det faktum at eg endelig er ferdig med eit plagg til meg sjølv veit eg faktisk ikkje.
Ungane har vore så snille å hjelpe meg å nøste opp eit par nøster til, så no skal eg sette meg og legge opp til ein ny Olive. Den skal dottera få. Ho har bestilt ein litt lenger modell, slik at den kan brukast som tunika.
Viktoriansk nakkevarmer
Eg falt for denne Viktorianske halsen (link for den som er på Ravelry).
Garnet eg har brukt på denne er Wollmeise Merino Superwash. Fargen heiter Campari Orange, og er rett og slett berre lekker!
I det siste har eg trent meg litt å å strikke bakover. Ein kan kansje lure på kva som er vitsen med det – må vel være strikking for spesielt intresserte…. Halsen er strika ovanfrå og ned, men den siste kanten på ca 4-5 cm er strikka på tvers. Då kom det godt med å kunne strikke bakover, for då slapp eg å sitje å strikke 9 masker for så å heile arbeidet for å strikke maskene på vranga sånn ca 288 gonger.
På nærbiletet her ser ein den nederste kanten betre. Den ser nesten ut som ein blondekant. Eg streva lenge før eg fann ut korleis eg skulle strikke den. Eg trudde eg las mønsteret rett, så det skulle mykje prøving og feiling fann eg ut at eg gjorde feil. Når eg først skjønte det, så vart alt veldig logisk 🙂
Då er det berre å krysse fingrane for at det ikkje blir behov for denne halsen før til hausten.