Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

2010 in review

The stats helper monkeys at WordPress.com mulled over how this blog did in 2010, and here’s a high level summary of its overall blog health:

Healthy blog!

The Blog-Health-o-Meter™ reads Wow.

Crunchy numbers

Featured image

The average container ship can carry about 4,500 containers. This blog was viewed about 15,000 times in 2010. If each view were a shipping container, your blog would have filled about 3 fully loaded ships.

In 2010, there were 45 new posts, growing the total archive of this blog to 187 posts. There were 150 pictures uploaded, taking up a total of 368mb. That’s about 3 pictures per week.

The busiest day of the year was February 7th with 170 views. The most popular post that day was Polka Dot Girls er ferdig.

Where did they come from?

The top referring sites in 2010 were nlq2007.blogspot.com, hagegaledagbker.blogspot.com, forum.hobbyboden.com, haldis-quilteblogg.blogspot.com, and hageblogger.blogspot.com.

Some visitors came searching, mostly for lappeteknikk, hage, pilfletting, hobbyblogg, and tafjordfjella.

Attractions in 2010

These are the posts and pages that got the most views in 2010.

1

Polka Dot Girls er ferdig February 2010
11 comments

2

Oppussing på gang February 2008
5 comments

3

Lilla tunika i Sandnes garn August 2010
7 comments

4

Rosa babyteppe January 2008
2 comments

5

Japansk sminkepung August 2009
5 comments

Advertisements

januar 2, 2011 Posted by | Lappeteknikk | Kommenter innlegget

Godt nytt år!

Heisann! Det er jammen meg på tide å ynskje dåkke alle GODT NYTT ÅR!

Eg  tykkjer ikkje det er så lenge sidan forrige gong, så her går åra unna kjappare enn eg klarar å følge med.  Eg rakk ikkje eingong ynskje dåkke god jul…

 

Litt sying med tema jul vart det også denne desembermånaden. Denne duken vart sydd etter eit kurs som Elin Grov hadde for Nordfjord Lappe og Quilteklubb i haust. Vi kallar det Bunny Barn og du kan sjå meir om korleis vi gjorde det  her. Teknikken var både enkel og morsom, så det er ikkje utenkeleg at eg lagar meir Buggy Barn.


Denne og eit par andre små vesker sydde eg også før jul. Dei er sydd på samme måte som dei små myntveskene eg sydde i haust. Eg likte godt å sy dei, samstundes som eg likar forma på dei. Dei er ypparleg til å oppbevare småting som allid forsvinn nederst i veska under alt anna som flyt omkring der.  På tur er dei ypparleg til å oppbevare smykker og andre dippeduttar.

Eg gledar meg til eit nytt år med mykje handarbeid og blogging. I år har eg faktisk eit nyttårsforsett, og det er enkelt og greit å sy meir. Akkurat det forsettet trur eg at eg skal klare å holde – om ikkje skal eg i alle fall kose meg i forsøket på å klare det  🙂

januar 2, 2011 Posted by | Lappeteknikk | 2 kommentarar

Julekalender – som eg likar det

visyr.no har dei julekalender som er av den typen eg likar. Kvar dag er det ulike oppgåver, eller muligheiter til å vinne premie, og det er selvfølgelig relatert til sying. Nokre av oppgåvene har eg gjordt, medan andre hoppar eg over.

1. desember, telyspose.

På desse posane har eg printa motiv på eit overføringspapir. Motivet er stroke fast på stoffet ved hjelp av strykehjern. Så har posane fått litt stæsh som kroklisser og blonder i gull.

2. desember, nisseluer.

Nisseluene er sydd i ullfleece. Pynten langs kanten er kroklisser og pompongar. Dusken i enden har eg eg laga på gamlemåten, som vi lærte det på barneskulen.

3. desember, pepperkakemotiv

Denne oppgåva var eigentleg tiltenkt broderimaskiner. Sidan eg ikkje  har broderimaskin, måtte eg finne på noko anna.  Her er skrifta speglvendt og printa ut på overføringspapir.  Pepperkakemannen er applikert på og «glasuren» er sydd på ved hjelp av stoppefoten.

På toppen er det glidelås, slik at posane egnar seg svært godt til å oppbevare pepperkakeformene.  Dei er store nok til å romme dei største formene som ein gjerne nyttar til pynt i vindauget også.

desember 17, 2010 Posted by | Lappeteknikk | 3 kommentarar

Mitt første overlockplagg

Eg har bestemt meg for å kjøpe ei overlockmaskin. Det store problemet er å bestemme seg for kva ein skal kjøpe. det er første gong eg har  sydd på ei slik maskin, så veit eg ikkje kva eg skal sjå etter når eg skal handle. Difor driv eg no og skal sjå på og  prøve litt ulike maskiner.

Tidlegare i veka fekk eg låne ei Babylock Evolve, og det har no resultert i flaggermusgenser i viskose jersey frå Stoff og stil.

Maskina var utruleg god å sy på, kjempelett å tre, og den stiller trådspenninga sjølv. Det siste er sikkert ikkje dumt, i og med at der gjerne er fire ulike trådar i kvar søm.

Eg kjem ikkje til å kjøpe denne maskina, den er for stor og dyr – derimot finst der ei maskin som er hakket mindre som fristar godt…..ja, ja, først skal eg sjekke ut litt betre kva som finst på marknaden

 

desember 8, 2010 Posted by | Diverse, Klede, Søm | 4 kommentarar

Hjertelue

Her er novemberbidraget mitt til Lille Rosin sin kalender 2010.

Mønsteret heiter Hjertelig hilsen vintersett . Eg har gjordt  nokre små endringar på hua, for at den skal passe betre til garnet eg har brukt.

Garnet heiter MITU alpakka ull og er frå Rauma Ullvarefabrikk. Garnet er deilig å strikke med, og skal strikkast med pinne 3,5-4. Eg har brukt p4 her. Det blir ei tjukk og god lue, og den er utruleg mjuk og god.

desember 1, 2010 Posted by | Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 2 kommentarar

Moro med nålefiltemaskin

Lappeklubben er så heldige å være eigarar av ei nålefiltemaskin. Maskina er ei gåve frå Siv, ei av damene på butikken En rød tråd. Som materialforvaltar i klubben er det eg som er så heldig å få ha maskina i hus når den ikkje er til utlån hjå medlemmene våre.

No har eg leika meg litt med maskina, og resultatet var dette skjørtet

Skjørtet er sydd av samme ullstoff som kåpa eg sydde tidlegare. Eg er alltid redd for å få for lite stoff når eg bestiller, og det gjer at det ofte er nok til å sy eit plagg til…eller to….

Foret i skjørtet er ein del av restane etter ein mammakjole eg sydde for snart 12 år sidan…..

Kåre sjekkar at ullen er av ypperste kvalitet.

Nålefiltemaskina fungerer ved at fem nåler med mothakar går gjennom stoff og filtemateriale mange gonger og på denne måten filtar saman materiala. Eg la ein ulltråd med glitter i på stoffet, og trykte på pedalen, slik at nålene gjekk ned og opp nokre gonger, berre slik at tråden vart lett festa til underlaget. På denne måten filta eg fast ulltråden i det mønsteret eg ynskte. Når heile tråden var lett festa, og eg var fornøygd med mønsteret, filta eg over heile tråden på nytt, slik at materiala til slutt heng saman som eit materiale.

Eg prøvde først å nåle fast heile tråden før eg byrja å filte, men den forflytta seg gjerne litt undervegs, så eg fann ut at det var greiast å legge tråden på plass etter kvart som eg filta.

Denne teknikken var virkelig artig, og det er nesten ikkje grenser for kva ein kan filte på. Eg prøvde å filte trådrestar på dongeristoff, og dette gjekk heilt fint. Kanskje eit tips til korleis ein kan fiffe opp den kjedelige dongeribuksa si 🙂

november 30, 2010 Posted by | Handarbeid, Klede, Søm | 4 kommentarar

Mine søte små

Mine søte små sydde eg på eit kurs som eg var på i vår.

Bildet er sydd ved at eg har lagt ein kopi av eit bilde på baksida av stoffet og sydd med stoppefoten på maskina. Her kunne eg sikkert hatt meir detaljar, men sidan det var første gong eg prøvde meg på sånt, turte eg ikkje rote på for mykje.  Legg merke til tøydukka som heng opp-ned på hårstrikken til jentungen…synest den er litt søt, eg 🙂

 

november 19, 2010 Posted by | Lappeteknikk | 4 kommentarar

1012 bittesmå bitar

Tidlegare i haust skreiv eg om at eg var på kurs med George Ciciliano .

Omsider har eg gjordt ferdig prosjektet eg starta på på kurset, og det inneheld ikkje mindre enn 1012 små  bitar. Bildet er 53×53 cm stort.

Dette har virkelig vore eit tålmodigheitsprosjekt. Enten dåkke trur det eller ikkje, så er det ikkje særleg vanskelig. Det er rett og slett log cabin sydd på papir. Her er eit innlegg om kuttinga og syinga av blokkene også.

Det blir neppe fleire slike tepper. Artig å lage eit, men dette blir for kjedelig for meg i lengda, for når ein først har bestemt seg for korleis mønsteret og fargane skal være, er det lite utfordringar knytt til dette arbeidet.

november 15, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 6 kommentarar

Give away hjå Strikkeglede og smykkefryd

Innimellom tek eg meg ei bloggrunde. Då hoppar eg gjerne frå blogg til blogg ved å klikke på linkar eg finn i dei ulike bloggane eg er innom. På den måten kjem ein stadig innom nye, spennande bloggar. På dagens bloggrunde kom eg over bloggen til Strikkeglede og smykkefryd. Denne koselige bloggen har eg dumpa innom før, og jammen kan det hende at det lønnar seg å komme tilbake, for der er det giveaway på gang 🙂

Ho rundar 40000 besøkjande, og det er i den forbindelse ho arrangerer giweavay for å feire. Eg har tatt tre «lodd», og viss du stikk innom, kan du også ta «lodd» og være med på trekninga om den flotte premien 🙂

november 8, 2010 Posted by | Diverse | Kommenter innlegget

På tide med nye vinterklede

No har utvilsomt vinteren kome vestlandet. Ute ligg der eit tynt lag snø, og det er meldt kaldt veir i dagane framover. Då er det godt å vete at eg endelig har fått ferdig vinterkåpa mi.

Det er lenge sidan eg har sydd klede til meg sjølv, så mykje har gått i gløymeboka. Det vart litt prøving og feiling, men desto meir glad blir eg når eg får det til.

Kåpa er sydd etter mønster frå Ottobre nr 5/2010.  Stoffet er bestilt frå Fabric.com.

Bak er kåpa heilt enkel. Opprinnelig skulle der være ein stolpe med to knappar i ryggen, men eg tykte det vart for mykje dill, så den droppa eg.

Eg streva litt med å få den fin langs kanten nede, så då måtte eg tilkalle kyndig hjelp for å hjelpe meg å få den pent lagt opp.  Jammen greit å ha «syvenner» som kan stille opp på kort varsel 🙂

Kragen er stor, det er visst sånn det skal være i år. Eg vurderte om eg skulle lage den mindre, men kom fram til at det kanskje var litt stilig med stor krage.

Lommene er sydd inn i saumane, og er plassert litt fram på jakka. Litt uvant at dei ikkje er sydd inn i sidesaumane, men i grunn ein stilig detalj dette også.

Det som skulle by på dei største problema var faktisk å skaffe rett sort vlieselin. Den eine sorten (F220) var det ingen forhandlarar eg har snakka med som kjendte til. Det endte med at eg brukte det eg hadde i skapet frå før. Når kåpa er ferdig, ser eg at eg skulle hatt meir støtte i kragen, så eg antar at den vlieselinen eg ikkje fekk tak i skulle være ein ekstra stødig variant.

Dette gav meirsmak, så det blir nok meir sying av klede framover 🙂

november 7, 2010 Posted by | Klede, Søm | 10 kommentarar