Har sydd ferdig lappane til vennskapsteppet
For litt sidan sendte eg avgarde dei 4 siste lappane eg skulle sy til vennskapsteppet. Eg var litt seint ute med julilappane mine, så når eg berre fekk setje meg ned på syrommet, tok eg likså godt både juli- og augustlappar.
Denne har Linole fått.
Denne har Celina fått.
Og til slutt ein lapp til Pedora.
No er det berre å vente på resten av lappane eg skal få, så skal eg sy ein lapp sjølv som skal monterast i lag med dei. Det blir nok ei utfordring å setje saman lappane til eit teppe, men eg gledar meg virkelig til å sjå det ferdig.
I helga var det Sandane-dagane og då var det ei kjempeutstilling med sydde ting frå damer (trur eg mest) i Gloppen. Veldig mykje fint. Eg rekna med at du ville vere på plass der gitt. Eg tykkjer du lagar veldig mykje fint, Elin!
Hmmm, då gjekk eg visst glipp av noko! Trur der er mange flinke lappe-damer i Gloppen. Tenker du får lyst å prøve litt sjølv? 😉
Så flotte lapper du har fået syet til venskabstæppet, fint med kanten rundt, så er det let for modtagerne at tilpasse den til andre blokke, som måske ikke helt holder målene.