Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

God jul!

amaryllis-002

Eg fekk denne amaryllisen for ei tid tilbake. Akkurat i dag slår den ut i full blomst, liksom for å ønske oss god jul i huset 🙂

 

amaryllis-003

Postannen har vore her i dag også. Der låg ei hyggjeleg overrasking i posten. Dette er min «Pay it forward» presang frå Christinepusen. Ei søt lita veske som for eksempel kan festast på innsida av veska til å ha småting. Tusen takk Cristine!

Så vil eg berre ynskje alle som måtte forville seg inn her i dag og dagane framover ei riktig god jul!

desember 24, 2008 Posted by | Diverse, Søm | 10 kommentarar

Antikviteter og snurrepiperier

Nokon klagar over at her er lite aktivitet for tida….og, ja det er heilt sant! Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å drive med hobbyaktivitetar for tida, og då blir det lite å skrive om i hobbybloggen, desverre. Eg skal heller fortelje dokke om nokre småsaker eg har fått i det siste.

tangenes-2008-063

Dette flotte, gamle fatet har eg fått frå barndomsheimen til mor mi.  Det er heilt tydeeleg at det er godt brukt, og eg antok at det var gammalt. Eg veit ingenting om det, men eg vart så fasinert over at nokon har teke seg bryet med å reparere det.

 tangenes-2008-064

På undersida har nokon sett inn kjeng for å holde bitane saman. Til saman er det seks slike kjengar, i tillegg til at det er limt.

tangenes-2008-065

Slik ser stempelet på undersida ut. Serien heiter altså Celestial, og det er Gustafsberg som har produsert det.  Eg har fått opplyst at denne serien vart produsert i tida 1864 til 1880.  Dei einaste bilda av denne serien som eg finn på nettet har fargar og muligens gull i motivet, og er stempla under med det ankeret som er på Gustafsberg sitt porselen. Bollen min har altså ikkje korkje dei fargane eller det  stempelet.

tangenes-2008-066 

Dette søte bildet merka eg meg ikkje med før mor mi sa at dette bildet ville passe fint i det nye kjøkkenet mitt. Då først såg eg virkelig på bildet, og ser at jenta sit framfor vedovnen og skreller poteter.  Ho kviler føtene på ein stein. Skal tru om ho har varma steinen på ovnen, slik at ho skal få noko varmt og godt under føtene medan ho jobbar? Det var nok golvkaldt i kjøkenet .

Tittelen på biletet er «Gamle minder», men der er ikkje navn på den som har måla eller teikna det. Det er nok eit foto av eit maleri. På baksida har nokon skrive med sirlig og flott fyllepennskrift: «Erindring af Din …… 1912    fra Hanna & Johannes.»   Desverre er baksida litt skadd slik at det eine ordet er vekke.

Nokon stor antikvarisk verdi har neppe dessse to sakene, men for meg har dei stor affeksjonsverdi.

desember 18, 2008 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | 12 kommentarar

Kremmerhus og ekle vottar

Slutten på første adventsveka nærmar seg med stormskritt. Tida går like fort som den alltid gjer i desember, av ein eller annan grunn. Derfor blir det litt smått på hobbyfronten. Det i vesle eg har sydd i det siste kjem frå boka Tildas julehus av Tone Finnanger. Ei skikkelig godbok!

tilda-007

tilda-003

Eg starta med desse kremmerhusa, skikkelig søte og gammaldagse. Hadde berre nok band til to av dei, så eg måtte ut på shopping i dag, slik at eg kan få fullført prosjektet. På butikken såg eg eit par slike, men dei var sydd med tjukkare vatt inni. Dei heldt betre på fasongen og var mykje finare enn mine. Neste gong brukar eg også fyldigare vatt.

 tilda-008 

Deretter forsøkte eg meg på slike vottar.

tilda-009

Tja, sånn vart mine….. Berre så vidt eg fekk dei på meg, til tross for at eg sydde voksen størrelse. Ikkje var dei gode å ha på hendene heller, så eg gidd ikkje å sy pynt på dei. Eg vart nok litt skuffa, for på bildet i boka såg dei så deilige ut.

Så må dåkke ha ei retteleg god helg, folkens!

 

desember 5, 2008 Posted by | Lappeteknikk | 6 kommentarar