Det spirar og gror i planterommet
Det er artig å sjå at det er liv i plantane som har stått på «lager» sidan i haust.
Det som står nærast i den store potta er ein kvit Agaphantus som eg kjøpte i fjor. Bakerst i biletet står ein blå av samme sort. På norsk kallast den for Afrikas blå lilje. Nydelig navn på ein nydelig plante! Den kvite fekk eg blomster på i fjor, og eg plukka frø av den etter at eg hadde tatt den inn for hausten. Begge to hadde begynt å spire før eg fekk opp plantelyset, så dei hadde lange mintgrønne skudd, og såg mindre friske ut. Heldigvis har dei kome seg etter at dei fekk «lysbehandling».
Slik ser det ut i boksen med småplantar. Ikkje lenge før eg må til å prikle eit par av pottene. Dei som er vande med å så skjønnar at det betyr at det snart vert temmelig fullt på planterommet….. det verkar liksom så lite når du driv på og sår, men jammen vert dei bra plasskrevjande etter kvart….
For dåkke som er intressert i ting og tang til hagen, likar å putle på med ting og tang, eller som berre ønskar seg nokre timar i sosialt samvære, kan det være greit å ta ein kikk på denne linken: http://eidaportalen.no/news.article.php?sid=178&artid=12514 . Det omhandlar pilflettekurset som eg har skrive om i tidlegare innlegg. Sjølv kunne eg tenkt meg mange av dei fletta plantestøttene. Dei er perfekte til klatrarar i potte, og absolutt mykje penare enn det meste eg har sett til no innan plantestøtter!
Hei.
Må titte innom på bloggen din,gratulerer med blogg:)
Vil si du har laget masse fine ting 🙂
Skal titte innom senere.
Hilsen Mathea på hagegal;)
Så kjekt at du finn noko som er intressant å sjå på her inne. 🙂
Trivelig at du stikk innom, velkommen tilbake!