Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Tjuvstart i det nye hobbyrommet

Sjølv om det har blitt lite blogging i sommar, betyr ikkje det at det har vore stillstand på korkje hage- eller hobbyfronten. Eg skal komme tilbake med blomsterbilder etter kvart, men i dag har eg lyst å vise dåkke at eg har innvia det nye hobbyrommet mitt 🙂 .

Eg har rett og slett tjuvstarta, for rommet er ikkje heilt ferdig. Det gjenstår ein del småting, men det er slikt som skal gjerast når det blir dårlegare veir ute. Det er massevis for snekkaren å gjere ute medan veirgudane tillet utearbeid, så eg får smørje meg med eit par dosar tålmod så lenge.

IMG_3045 

På benken ligg det første prosjektet eg jobbar med i det nye hobbyrommet. Det er rulla inn i eit dynetrekk, slik at eg ikkje skal misse kontrollen på kor eg har plassert alle lappane. På denne måten kan eg rulle ut etter kvart som eg treng nye lappar, og samtidig rulle saman på andre sidan der eg har sydd saman lappane. I venstre biletkant heng ledning til arbeislys som ikkje er montert. Der heng fleire slike omkring i rommet, men eg har dratt inn ei stålampe og skøyteledning, så eg har fint arbeidslys likevel.

IMG_3047 

Det pågåande prosjektet er henta frå denne boka av Gerd Gellein Merkesdal. Eg kjem tilbake med fleire bilete av prosjektet seinare.

IMG_3048

Sånn ser det ut når eg sit og jobbar. Fin utsikt gjennom eit halvferdig vindauge.  Kaffikoppen er sjølvsagt alltid med. Det samme med radioen. Som regel er det Radio Norge, men er det rett tid på dagen, er det lokalradio eller nitimen som blir prioritert.

IMG_3054 IMG_3055

Biletet til venstre viser den delen av benken som no blir brukt til skjærebord. Denne benken er for lav, så difor er det laga til område der eg skal ha eit flyttbart skjærebord under skapa på det høgre biletet. Dette rommet er lyst og trivelig, så det er ein fryd å sitje her og sy!

IMG_3056

Stolen er ein av fire slike, og er arvegods frå barndomsheimen til mor mi. Eg diggar desse stolane, sjølv om dei er mottetne, måla på nytt og nedslitne igjen. Fronten under setet er krakelert. Det er jo akkurat slik folk vil ha det for tida, men denne er heilt naturleg slik etter mange års bruk og slitasje.

Ein eldre kar frå bygda her fortalte meg at det var vanleg med trebeina stolar før i tida. Golva var ofte så ujamne at vanlege stolar blei ståande å vippe. Ein treibeina stol, derimot stod stødig og godt.

Advertisements

august 9, 2009 - Posted by | Interiør/oppussing, Lappeteknikk

2 kommentarar »

  1. For ett deilig hobbyrom Elin :), skjønna godt at du tjuvstartar der. Trudde først at det var gardina di på det øverste bildet, men so såg eg at det var enden på benken ;).
    Den tre-beina stolen var stilig :), kjekt med sånt arvegods. Vi ferierar på østlandet vi no, vi avsluttar på Hunderfossen om ett par dagar 🙂

    Kommentar av Mariann S | august 9, 2009 | Svar

  2. Åååh, nå kjente jeg at jeg ble litt misunnelig!! Godt med benkeplass og skapplass, til og med regulerbart bord… Dette er et sånt rom jeg ønsker meg når jeg blir «stor» 😀 Mye fint å se i bloggen din 🙂

    Kommentar av frøken ij | august 31, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: