Å bruke ein George Ciciliano linjal
På kurset med George Ciciliano brukte vi ein spesiell linjal som han hadde designa sjølv. Vi lurte godt på korleis denne skulle brukast, og når vi hadde fått ein demonstrasjon, viste det seg at til sitt bruk var linjalen både enkel og genial!
Skulle du være nysgjerrig på korleis linjalen skal nyttast, så ta ein kikk på bileta under her.
Slik ser den altså ut. Det er ein linjal som er designa for å kutte nøyaktige sømrom når ein syr små bitar på papir.
Linjalen kan nyttast både av venstre- og høgrehendte. Dersom ein er venstrehendt, flyttar ein plastskruen som held dei to plastbitane saman over til høgre sida, så åpnar linjalen seg motsett veg.
Du kan også velge kor stort sømrom du vil skjære. Slik den er montert no, vil den lage eit sømrom på 1/4 «, dersom ein tek av knappen og vender linjalen «opp ned» vil det bli eit sømrom på 1/8″.
Legg papiret med print slik at du har vrangsida opp. Legg lappane du skal sy rette mot rette med sømrommet utanfor linja du skal sy på. det er ikkje problem å sjå linja du skal sy etter på baksida. Linjene er nummererte, så det er viktig å sy dei i rett rekkjefølge. Her er dei to første lappane sydd fast med ein søm.
Legg papiret du syr på med retta opp, og hald på lappane, slik at dei ikkje flyttar seg. Sy linja med rett nummer . På dette bildet er godt over halvparten av sømmane ferdig sydde.
Legg den kvite delen av linjalen på sømmen du skal sy. Du skal no kutte sømrommet, slik at lappen du skal sy på kan leggast kant i kant på sømrommet, og når du så syr, vert sømmen så nøyaktig som det er mogeleg å gjere det.
Brett det av papiret som er over linja du har sydd tilbake over den kvite linjalen. Legg den blanke linjalen over slik at hakket i den blanke linjalen ligg kant i kant med den kvite linjalen. Kutt langs den blanke linjalen. Du har no kutta eit nøyaktig sømrom 🙂
Det var ingen dum ide!