Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Artige tova vottar

Tova vottar

Desse vottane er strikka av Popcorn og Toppull. Opprinneleg hadde eg kjøpt garn til å strikke eit par med brune og grå dottar og eit par med rosa og orange dottar. Medan eg sat og såg det norske herrelandslaget spele handball for litt sida, strikka eg vott nr 2 av det rosa paret. Då den fryktelig spennande handballkampen var ferdig, oppdaga eg at eg i min iver etter å følge med på handballkampen hadde klart å strikke vott nr to akkurat lik vott nr 1….. , altså sat eg der med to høgrevottar!  Eg orka ikkje å rekke opp att, fordi dottane heng seg opp i maskene.  I staden fekk eg tak i nytt garn og strikka eit par venstrevottar i tillegg.

No er alle tre vottepara ferdig tova. Eg putta dei i vaskemaskina med ein kork grønnsåpe i vaskevatnet og sette maskina på finvask 60 grader. Toving i maskin er litt vanskeleg å berekne, men eg er godt fornøygd med resultatet.

Reklame

mars 7, 2008 - Posted by | Handarbeid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: