Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Sysøndag

Alt klart for ein kosedag på hobbyrommet. Polka Dot girls i symaskina, Radio Norge på radioen og rykande varm kaffi….det er hærlig det 🙂

Eg har hatt teppet liggande i ei hylle i over eit halvt år, fordi eg ikkje kunne klare å komme i gang med quiltinga. Eg tok det med meg på maratonlaurdagen til lappeklubben. Der fekk eg tråkla det ferdig, og diskutert quiltinga med dei andre damene. Fekk tips om å sjekke www.sy.no for å finne tips til quiltinga. Merete Ellingsen har Quilta massevis av flotte arbeid som kan sjåast på denne sida. Spesielt likte eg ein av måtane ho hadde quilta fleire av teppene på. Du kan sjå den blandt anna på  dette biletet.

Først litt prøveskribling på eit ark, slik at eg har ei viss peiling på kva eg har tenkt å gjere.

Så litt testing på ein prøvelapp, som dåkke ser har det blitt testa både det eine og det andre på denne lappen. Ingen grunn til å sløse med ressursane 😉

Etter mange timar ved maskina er eg ferdig med alle hjertene og blomstrane. Neste trinn no blir å quilte stitcherya, så lukkekant og så er det ferdig 🙂 . Mange timar trivelig arbeide, men jammen er det deilig når det nærmar seg slutten på eit slikt kjempeprosjekt.

Reklame

januar 17, 2010 - Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm

8 kommentarar »

  1. åh, så flink du er!! Dette ser kjempebra ut. Jeg hater å quilte så store arbeider og synes det er en kjempebøyg hver gang. Uff og nå holder jeg på med et stort igjen….. Skal kvinne meg opp til helgen igjen, tror jeg å få jobben gjort.

    Kommentar av Marita | januar 18, 2010 | Svar

    • Eg har kvidd meg lenge på å starte quiltinga, men det gjekk faktisk veldig fint. Det er tynne stoff og tynn vatt, så det blir ikkje så veldig kompakt. Likevel blir det litt «klumpete» å quilte pga størrelsen. Ønskar meg ei maskin med betre plass til sånne arbeid.

      Kommentar av eling | januar 18, 2010 | Svar

  2. Det blir bra! Har bare såvidt prøvd meg på quilting og dette er en av de tinga jeg synes virker vanskelig. Må bli klumete å jobbe med når du skal sy midt på teppet siden det er så stort?

    Kommentar av Mari_ | januar 18, 2010 | Svar

  3. Jeg er full av beundring for din kreative side. Quiltemønstret ble nydelig.

    Kommentar av smgj | januar 18, 2010 | Svar

  4. Nydelig teppe Elin. Har aldri prøvd å quilte på maskin.
    Denne vinteren har ikkje sømånda kome over meg heller, har gått i strikking og hekling 🙂

    Kommentar av Mariann S | januar 18, 2010 | Svar

  5. Så flott ! Ser eg har mykje å læra på dette området !!

    Kommentar av Tullik | januar 18, 2010 | Svar

  6. Dette er rett og slett imponerande!!! Kunne du ta eit lynkurs på ein klubbkveld?

    Kommentar av Elin | januar 19, 2010 | Svar

    • Her er lynkurset: Ta ned undertransportøren, legg quilten i maskina og sy i veg 😉 . Det er rett og slett berre øving som skal til- masse øving. Ingen hokus pokus her i gården.

      Kommentar av eling | januar 19, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: